Dette er første versjon av UT.no. Sidene er ikke ferdige.
Les om hva som kommer på UT.no eller send en tilbakemelding.
På ein hemmeleg stad i Sogn lever han av naturen.
– Eg kan jakte fram til jul. Då har eg noko meiningsfullt å fylle dagane med, men etter jul er det slutt og då blir det korte dagar og lange kveldar. Då er eg redd for at det kan bli kjedeleg, fortel Cristoffer Clausen til NRK Sogn og Fjordane.
900 meter over Sognefjorden skal han leve i eitt med naturen - i eitt år. Saman med fuglehunden Frøya skal Christoffer leve av det han finn og skyt i naturen.
På menyen står det hjort, hjort, hjort og litt bær.
– Det er det eg har tilgang til, og då må eg berre tenkje at det er bra, fortel han, etter å ha byrja på sin femte hjort.
Dag nummer 104 av 365 (Video):
Klikk på pila i ruta ovenfor for å starte videoen
Cristoffer Clausen er inspirert av eventyraren og pelsjegaren Helge Ingstad (1899-2001).
– Då eg leste «Pelsjegerliv» for første gang fekk eg ei god kjensle og god dragning, nesten slik at eg ikkje fekk sove om natta, fortel austlendingen.
Frøya, Cristoffer og «maten».
Sjå fleire bilete og les meir hjå NRK Sogn og Fjordane.
(NRK)- Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas
Opphavsrett © 2008 - 2010 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.