Friluftsliv for alle

Hele Norges turplanlegger

Hoppnasjonen mellom de syv fjell

Dag Sandnes, Terje Eriksen og Linda Eide (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

HOPPAR I DET: Linda Eide gjer seg klar til å hoppe i den berykta Bergensbakken, sjølve juvelen i den bergenske hoppbakkeskogen. Her saman med entusiastane Dag Sandnes og Terje Eriksen. Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Ein gong var Bergen ein hoppnasjon. Byen med 230 regndøgn i året vassa i hoppbakkar! Det gjekk sjølvsagt på helsa laus, særleg i Bergensbakken.

Frå boka Norsk attraksjon - Guiden til det du ikkje finn i guideboka:

Hoppbakkane i Bergen låg tett i tett, som små draumeslott i ein by utan vinter. Alt for at den bergenske ungdomen skulle få kjenna luft under vengene, dei også, slik som innlandsungdomen elles i landet.

VIDEO: Sjå Linda Eide hoppe i Bergensbakken (artikkelen held fram):

Juvelen i hoppbakkeskogen

– Det æ’kke tull en gang, i 30-åra satsa skikretsen på hopping i Bergen, og de bygde sin base rundt Bergensbakken.

– Tenk deg, 10 000 mennesker har sett hopprenn her. Det er helt utrolig!

Mannen som seier dette, er Terje Eriksen, ein 56 år gammal austlending i raud t-skjorte, shorts og toppen humør. Han blir det, av ordet hoppbakke. Og ikkje minst når han kan sitja under hoppkanten i den berykta Bergensbakken, sjølve juvelen i den bergenske hoppbakkeskogen før krigen. Berykta fordi hoppet var høgt og gav dei uredde hopparane ei kolossal høgd over kulen, før vinden – ikkje sjeldan med storm i kasta – tok tak i dei og fekk dei ned att på jorda, midt i svevet.

– Høge hopp og stygge fall, det var Bergensbakken i eit nøtteskal, ler Terje så buljongen ristar i koppen.

Og Terje har rett i det nøtteskalet. For attmed han sit ein eldre kar og nikkar energisk, med vidopne, skremde augo.

Dag Sandnes heiter mannen, han er åtti år sprek og var ein gong ein av desse bergensungdomane som meinte skihopping høyrde heime i Bergen. Han toppa sin korte karriere i dei lokale hoppbakkane med sitt hopp i Bergensbakken i 1946. Eitt einaste hopp, meir skulle ikkje til for å gi Dag eit minne for livet, det er heilt tydeleg.

– Jeg var så nervøs da jeg stod på toppen, du vil ikke tro det. Alle var nervøse, det var helt tydelig, seier han skjelvande og legg alle korta på bordet: – Oppe på toppen, ved stillaset, var det gule tisseflekker overalt. Vi skalv, hele gjengen!

Men både Dag og Terje er samde, det var ingen veg utanom. Eit hopp i Bergensbakken måtte ein kunne briska seg med om ein ville kalla seg skihoppar i Bergen. Og Dag slapp jamvel levande frå det og har hatt noko å fortelja resten av livet.

Hoppet er vakker ingeniørkunst

Den gløymde bakken ligg på det byfjellet som har turistlokkaren Fløyen som utgangspunkt, bak Rundemanen, på veg ned Tarlebødalen ( sjå rute nederst i artikkelen).

Bergensbakken (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

ATTRAKSJON: – Den største attraksjonen i Bergen, seier austlendingen Terje Eriksen. Her saman med hopparane Linda Eide og Dag Sandnes. Foto: NRK

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK
Linda Eide på tv-opptak i Bergensbakken (NRK)

TØFF JOBB: Ikkje lett å vere verken fotograf eller hoppar. Foto: NRK

NRK
Bergensbakken (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

UNNARENNET: Humpete, men fritt for tre, og klart til å ta imot alle med ski på beina. Foto: NRK

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Hugs å sjå til høgre, det står ikkje noko skilt, og ingenting kan få deg til å tenkja at du skal sjå ein hoppbakke her. Men ser du opp i lia, så er ruinane du oppdagar der ikkje til å ta feil av. Det må ha vore ein hoppbakke.

Sjølve hoppet er vakker ingeniørkunst i stein, slept fram og lagd ned på dugnad. Lengst oppe kan ein sjå plankerestane frå stillaset. Unnarennet ligg òg der, rett nok humpete, men fritt for tre, og klart til å ta imot alle med ski på beina. I ovanrennet er det verre. Nokon har planta ei rad med rododendron mitt i tilløpet! Eit kunstprosjekt, får eg vita. Som om ikkje hoppbakken er kunst nok i seg sjølv!

Det er ikkje mange som bryr seg om hoppbakkane i Bergen, meiner Terje. Dei er eit gløymt kapittel, sjølv om dei kunne fylt ei heil bok. Og det måtte altså ein innflytta hoppgalning til for å sjå den historia som ligg gøymd i ruinane.

Fyrste gongen Terje gjekk tur på byfjellet og fekk sjå restane av ein hoppbakke, trudde han det var fata morgana. Ein hoppbakke? Her! Ein hoppar då vel ikkje på ski i Bergen?!

Då ingen bergensarar kunne fortelja han om bakken, bestemte Terje seg for å finna ut av det sjølv. Han gjekk inn i ein hopphistorisk tunell og kom ikkje ut att før han var langt over det kritiske punktet. Og alt materialet han fann, deler han no med heile verda, på nettet.

Birger Ruud satte byen på hodet

– Jeg ville fortelle om et glemt kapittel i norsk idrettshistorie, ikke engang bergenserne vet hva som har foregått her oppe, seier han.

– De vet ikke engang at Birger Ruud var her i 1937 og satte både bakken og hele byen og på hodet!

Og det stemmer det. Historia om Birger Ruud i Bergensbakken starta med at OL-helten var på jubelturné på Vestlandet for å fortelja om gull og laurbær i Garmisch-Partenkirchen året før. Etter å ha sett den vakre Bergensbakken (som enno ikkje var offisielt opna), samt teikn til snøfnugg i lufta, lova han følgjande: Blir det 15 cm snø på søndag, så hopper jeg.

Laurdagen låg det 13 centimeter på Rundemanen, og Ruud-rennet var framleis i det blå. Sundag morgon kryssa likevel sju tusen bergensarar fingrane og gjekk til bakken i håp og tru. Og dei gjekk rett! Birger Ruud fekk lånt seg hoppski, kom til Bergensbakken og innvigde han med eit hopp på 46 meter. Det høyrest kanskje ikkje all verda ut i dag, men det var det, meiner Terje.

– Ja, erru gærn, det var strålende, på bare femten centimter snø!
Og for om mogeleg å gjera bergensk hoppentusiasme endå større, uttalte herr Ruud følgjande til avisene: «Utenom Olympiabakken har jeg ikke sett en finere og mer velstelt bakke.» (Olympiabakken var sjølvaste Garmisch-Partenkirchen-bakken.)

... så var eventyret over

Det skulle komma fleire hoppsundagar med tusenvis av bergensarar på sletta – men ikkje så veldig mange, når sant skal seiast. For sanninga er jo at dei fleste renna enten blei avlyste, stoppa etter fyrste omgang, eller hopparane forsvann i eit bergensk tåkehav. Og når publikum stadig vekk traska timesvis til fjells, til avlyste renn, mista dei motivasjonen.

Berre ti år etter at bakken stod ferdig, var eventyret over. For sjølv om den blei opna med håpet om at bakken vil bidra til å styrke folkehelsen og skape en sunn ungdom med pågangsmot og arbeidslyst, så var nok folkehelsa den som hadde minst å vinna i Bergensbakken.

– I 1948 stod siste hopper på toppen her. Man innså vel galskapen, sukkar Terje og ser opp på dei historiske ruinane.

– For langt for folk?

– For langt for folk. For sterk kuling, for tjukk tåke, for mange fall, for mange hjernerystelser, for mange brukne ben, for mange forstuede ankler, vridde knær, knuste hofter, for mange…

Eg har for lengst skjøna kvifor det ikkje gjekk, men trass i all den knekte anatomien tenkjer eg at Terje har heilt rett når han seier at Bergensbakken er eit fantastisk minnesmerke over den norske hoppfeberen i 30-åra. Ein feber så sterk at den til og med nådde regnbyen Bergen. Det er noko rørande naivt og optmistisk over heile den sosialdemokratiske tanken om at alle skal ha lik rett til skihopping same kvar dei bur i landet.

Ja, så opplagt må denne tanken ha virka, at ein faktisk gløymde at vêrgudane aldri har late eit norsk likskapsideal påvirka den konsekvent urettferdige utdelinga av dritvêr.

Dette gløymde dei, og så bar dei tonnevis på tonnevis av stein til fjells og brukte tusenvis av dugnadstimar på eit vakkert, håplaust prosjekt, som sytti år seinare er i stand til å røra Terje til ei tåre som hamnar i den kalde buljongen.

– Den største attraksjonen i Bergen

– Jeg sier som Birger Ruud, seier han høgtidleg, – en finere hoppbakke skal du lete lenge etter.

– Ein attraksjon?

– Ja, er du gæern, den største i Bergen, spør du meg, seier austlendingen, med ein bergensar i kjeften og nitten i stil!

Før me pakkar saman og seier farvel til bakken, er det noko eg berre må gjera, sjølv om både Terje og Dag åtvarar meg. Dei meiner farten kan bli for stor. Men eg er på mitt absolutt tøffaste i dag og kan ikkje haldast att med fornuft. Dessutan forsvann fornufta for godt med den bergenske hoppsatsinga, og takk for det! tenkjer eg og snører på meg eit par svarte plastski, av typen klassisk jetski frå 80-talet.

Leve den bergenske hoppsporten

Eg rettar kjekt på hoppbrillene, hoppar ein halv gong rundt slik at kroppen står rett veg, og så tek skia fart, og eg susar ned unnarennet – midtsommars!

Det går så det kvin i grastustane, og idet farten er blitt hundre gonger høgare enn kompetansen, rekk eg å tenkja at dette er ei god gjerning. Dette er praktisk gjenoppliving. Seksti år etter det siste stygge fallet, skal den gløymde bakken endeleg få oppleva det igjen. Det innser eg.

Og om lag tretti meter frå sletta skjer det. Ei ekstra høg tuve har gjort seg seg klar til åtak. Eg susar inn i ho, tek sats og bykser ein kilometer opp i lufta, flaksar rundt med ujamn kongsbergknekk og landar jamsides på skallen og rullar ned resten av bakken i ein dobbel krupert Boklöv.

– Haha! jodlar Terje frå toppen – Korte svev og stygge fall. Bergensbakken i eit nøtteskal! Og den velmeinande Dag deler raust ut med ufortente stilkarakterar.

Sjølv samlar eg stolt saman ski og kropp og kjenner meg både edel og god. For har eg ikkje nettopp gitt liv til ein daud hoppbakke? Jo, det har eg, for svingande.

Leve Bergensbakken! Leve den bergenske hoppsporten!

UT på tur? Slik finn du fram:

GPS: N 60.41283, E 5.37582

Fleire vegar fører til Bergensbakken. Denne startar frå Fløyen og er ein gåtur rundt timen. Ta Fløibanen eller beina opp til Fløyen, der turskilt peikar mot Rundemanen via Brushytten. Storvegs utsikt over innseglinga til Bergen på veg opp til Rundemanen! Vel oppe, tek du til høgre og følgjer skiltet til Svartediket. Grusvegen går over sti, som tek deg nedover lia. Vær obs ved neste kryss nede i bakken, ta ikkje av til venstre, men gå rett fram mot Svartediket. Berre nokre hundre meter etter dette har du Bergensbakken til høgre.

Du kan også starta ved Svartediket og gå opp Våkendalen til Tarlebøvatnet, fin og nyopna tursti.

(Frå boka Norsk attraksjon, NRK Aktivum 2009)

Flere saker

Skøytetur

Slik sjekker du om isen er trygg

Skøyter er gøy så lenge man holder seg over isen.

Les saken

Barn kaster snø

Dette kan du gjøre i vinterferien

Vi gir deg vinterferietipsene!

Les saken

Skiløper på skitur i kvistet løype i fjellet

Disse skiturene kvistes til vinterferien

Svært mange av de populære skiturene i fjellet merkes med kvister. Finn deg en tur her!

Les saken

Skiløperer i uvær på fjellet

Vis respekt for været

Respekter en dårlig værmelding, og stol ikke blindt på et godværsvarsel.

Les saken

Matpause

Hva skal vi spise når sekken er full av mat?

Dilemmaene var av den vriene sorten for denne gjengen med overlessa tursekker.

Les saken

Vindsekk

Denne sekken kan berga livet ditt

Pakk alltid vindsekk på tur i høgfjellet!

Les saken

Marianne Rasmussen Kolvik og Lars Monsen i Ingen Grenser

Sammeligner Lars Monsen med Jesus

I et åpent brev hyller prest Idun Strøm Sefland Lars Monsen i «Ingen Grenser». Hun går så langt som å sammenligne ham med Jesus.

Les saken

Ingen grenser

– Turen endret livet mitt

Liv Tone Lind fra Harstad ble sjokkert da hun nådde toppen av Snøhetta. Derfor kom den kraftige reaksjonen.

Les saken

21

Finn den perfekte hytta for deg!

Vil du klina i fred eller på tur med vener? Den rette hytta finn du her!

Les saken

Turforslag i 3D på UT.no

Nå kan du se turen din i 3D

Sjekk hvor ruten går. Nå får du turforslagene våre i tre dimensjoner.

Les saken

Kart

Andre artikler om Alpint

Turforslag fra Byfjellene i Bergen

  • -

    Fjellveien - Stoltzekleiven - Fløyen

    Turen er todelt, med en tung og en lett etappe. Første del går hovedsaklig på steintrapper og stiger raskt oppover med stadig flottere utsikt. Sis…

  • Sykkelstien over Gamle Osbanen

    Barnevennlig sykkeltur mellom Fjøsanger og Lagunen

    Dette er en enkelt sykkeltur i lett terreng som du kan ta med hele familien. Det enkleste er å starte på Fjøsanger hvor det også er gode parkerin…

  • Familievennlig tur på Smøråsfjellet

    Vil du få barna dine naturinteresserte og turglade er Smøråsfjellet et fint sted å begynne. Smøråsfjellet er et fint tilrettelagt område for b…

  • Trilletur i Langeskogen

    Vil du gå en lett tur på grusvei i fine omgivelser er Langeskogen stedet. Her kan også barna besøke Langegården og se på dyrene. Dette er en …

Sist kommenterte artikler

Hva skjer?

Arrangerte turer, kurs og samlinger i Byfjellene i Bergen

Initialiserer…

UT.no er et samarbeid mellom Den Norske Turistforening og NRK

- Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas