Friluftsliv for alle

Hele Norges turplanlegger

Har Noregs beste sommarjobb

Naturveileder i Jotunheimen

  • Kathrin Aslaksby og geita Åtte Påtte er einige om at dei har ein særs fin sommarjobb.
  • Reisa startar på kaia i Gjendesheim.
  • Dei maritime geitene er plassert i i store plastikk-kasser.
  • Er vi snart framme?
  • Matmor Kathrin Aslaksby sjekkar at det er god stemning i plastikk-kassa.
  • Alt er i sin skjønnaste orden, konkluderer ho.
  • Stor utfart på Gjende, båtane 'Gjendine' og 'Gjende' møtast.
  • Naturvegleiaren nyttar høvet til å ause av sin kunnskap også på båtturen.
  • Sjarmøretappa inn til Gjendebu for Kathrin Aslaksby og geitene.
  • Gjendebu er eigd av DNT, og ligg i enden av Gjende.
  • Ei grøn og smaksfull sommareng ventar geitene.
  • Og maten fell tydeleg i smak.
  • - Nå skal du vekse og kose deg heile sommaren, lokkar matmor Kathrin Aslaksby.
  • Hyttehaldar Lars Åge Hilde er særs godt nøgd med å få selskap i sommar.
  • Også barna er svært tilfreds med geiteselskap i sommarferien.
  • Kathrin Aslaksby hjelp ein nederlansk far og son med rutevalet.
  • Og ho er ikkje verre på det enn at ho følgjer dei eit stykke på vegen.
  • Området rundt Gjende er svært frodig, og Kathrin Aslaksby er ein ivrig faunaformidlar.
  • Bukkelægret er ein populær - og bratt tur, frå Gjendebu til Memurubu.
  • Våre nederlandske vener er glade for at dei snart er oppe på toppen.
  • Vi klarar ikkje å dy oss, og må ta med nokre beaty-shots frå området rundt Gjende.
  • Store Svartdalspiggen sett frå Gjendebu.
  • Utsikt over Gjende, sett frå ein skigard.
  • Ivrige sportsfiskarar prøver lykka - og finn lykka ved Gjendesheim.
 

 

 

Kathrin Aslaksby brukar sommaren til å rettleie fjellturistane. I år har ho god hjelp av 20 svoltne og sprelske geiter.

Ei rosa killingsnute stikk ut av luftehôlet på ein stor plastikktank på dekk på båten over Gjende. Ho er nok ei av dei mest maritime geitene i landet, og etter ein times båttur er ho og 19 medsystre klare til innsats på dei grøne engene ved Gjendebu. Dei er med matmor på jobb.

Matmor heiter Kathrin Aslaksby. Ho er til dagleg geitebonde i Heggenes, men samtidig har ho ein sommarjobb som dei fleste kan misunne ho. I fire månader i året er ho naturrettleiar i dei austre delane av Jotunheimen.

– Den finaste sommarjobben ein kan ha, meiner ho sjølv.

Killingarbeid

Og det er vanskeleg å kome på gode motargument når ei sol som har vore heller blyg tidlegare på sommaren, brått syner sitt blide åsyn gjennom eit florlett skylag. Dei mange fjella kappast om å sjå mektigast ut i den to mil lange spegelen som ber namnet Gjende.

– Ein kan vel seie at det er nokså pent her, kvitrar Aslaksby retorisk, før ho bøyer seg ned og ser til at geitene ikkje er sjøsjuke.

Dei særs sjarmerande, to månader gamle, geitene skal bidra med sin innsats i naturvernet si interesse denne sommaren. Fyrst og fremst gjennom sjarm og barnetekke, samtidig som dei syner fram effektiv skjøtsel av kulturlandskap i praksis.

– Dei beitar ned vegetasjonen slik at dei små plantene som er tilpassa gjennom 100 år med beiting får moglegheit til å vekse opp att. Dei gjer ein skikkeleg skjøtselsjobb.

Ikkje noko politi

Men jobben som naturveileder er slett ikkje berre geitehald, det er ein allsidig sommarjobb med organiserte turar i fjellet, foredrag og arrangement.

– Vi viser fram floraen, geologien og alle dyra som er i området her. Samtidig er det viktig å få folk til å forstå kvifor det er så viktig å ta vare på Jotunheimen og naturen her, seier Aslaksby.

- Oppdreg de folk som er i fjellet?

– Nei, dei fleste som kjem til fjells oppfører seg pent, og vi er ikkje noko politi med heva peikefinger.

Kathrin Aslaksby fortel om gledene ved å vere naturveileder.

– Bukkelægret omtrent som Holland

Denne onsdagen i byrjinga av juli nyttar Aslaksby høvet til å henge seg på nederlandske Rob og Teun Gilsing. Far og son vil ta turen opp det stupbratte Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu.

– Eg er ikkje sliten, det ser berre slik ut. Dette er jo omtrent som Holland, gliser far Rob i det han gyv laus på den siste klatringa, medan sveitten renn i strie straumar nedover panna.

Sjå i kva tilstand nederlandske Rob Gilsing var i da han kom på toppen av Bukkelægret.

Dei er godt tilfredse med rettleiinga dei får, og er særleg imponert over all kunnskapen dei får om plantene.

– Ho har lært oss mykje, og ho er flink til å formidle. Vi har gått mykje i fjella i Frankrike, Italia og Austerrike, men utan å tenkje så mykje på plantane. Vi blir nok endå opnare for å sjå dei små blomane i framtida, seier dei blide nederlendarane, før dei tek fatt på dei siste bakkane opp mot toppen.

Har vi bruk for rettleiing i fjellet?

Attende på Gjendebu, har dei 20 geitene allereie vorte populære blant ei gruppe ungar som er på aktivitetsveke.

– Denne har vi kalla Max, gliser ein av ungane, medan han fôrar den nydøypte med sjølvplukka geitrams.

Geitene utfyller tydeleg sin misjon. Spørsmålet er om matmor Kathrin gjer det same. Har folk verkeleg vorte så hjelpelause at vi treng folk til å veilede oss også i fjellet?

– Eg meiner det er viktig å få fram kvifor vi faktisk har verna fjella våre, og kva moglegheiter som finst. Eg vil prøve å gje folk naturopplevingar som gjev rom for innleving.

Flere saker

Powerpot

Lad mobilen med kokekaret

TEST: Dette kokekaret lader mobilen mens du koker vann.

Les saken

Yuichiro Miura

Verdas eldste på Mount Everest

No har han nådd toppen - igjen.

Les saken

Maleri av fyrforvalter Andreas Mølbach

Går igjen på Lindesnes

Forsvant på havet for over 200 år siden. Nå er han nattevakt og sjef på Lindesnes fyr.

Les saken

Treretters måltid på Lindesnes Fyr

Fisk i tare, fyrbrød og rabarbramuffins

Prøv en treretters fra hagen på Lindesnes fyr.

Les saken

Full fart i hundesleden.

Flyttet grenser på Finse

Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.

Les saken

Bjørkeblad, museøre

Gå ut og smak på våren!

Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!

Les saken

Mats sköter frukostdiskning vid bäcken i Grøtådalen.

Svensk hyllest til Femundsmarka

Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!

Les saken

Barnas Turlag på tur til Ørnfløya

Vårlige helgeturer uten snø

Her er noen snøfrie turforslag nær de største byene. God tur!

Les saken

Øvresaga

Ni fine turer i Oslo-ulvenes spor

Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.

Les saken

Kart

Andre artikler om Fottur

Turforslag fra Jotunheimen

  • Gjennom Gjendealpene

    Fjellområdet mellom Gjende og Bygdin går under det klingende navnet Gjendealpene, og byr på noen av de fineste 2000-meterstoppene i hele Jotunheim…

  • Her krysser vi Styggebrean

    Galdhøpiggen 2469m.o.h – Norges tak

    Galdhøpiggen er Norges tak og ruver majestetisk med sine 2469m.o.h. Fjelltoppen er geografisk plassert i Jotunheimen (Lom kommune). Dette var en tur…

  • Hvor skal man gå?

    Topptur til Høgbrotet (1630 moh.)

    Dette er den ”glemte” toppen på Eidsbugarden, og med 1630 m den høyeste av de lokale ”Seven summits”. 1630 m er det høyeste punktet på …

  • Topptur til Sløtafjell (1406 moh.)

    Toppen har mer karakter av et høydedrag enn en topp, men utsikten fra toppvarden er så absolutt en god belønning for strevet. Dersom man fra toppv…

Sist kommenterte artikler

UT.no er et samarbeid mellom Den Norske Turistforening og NRK

- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen