Friluftsliv for alle

Hele Norges turplanlegger

Verdas eldste kvinne på Everest

Nepal Everest Tamae Watanabe (Foto: Anonymous/Ap)

Dette biletet av Tamae Watanabe var teke i 2002 då ho var 63 år gammal. No har ho klart å nå toppen av det same fjelelt - ti år eldre.

Foto: Anonymous/Ap

Japanske Tamae Watanabe (73) slo si eiga rekord, og vart på ny den eldste kvinna i verda som har klatra Mount Everest.

Den japanske kvinna klarte å nå toppen på det 8.848 meter høge fjellet laurdag. Ho hadde med seg ein annan japansk turist og tre sherpa-guidar i følgjet sitt.

Teamet nådde toppen klokka sju om morgon lokal tid, etter å ha gått gjennom heile natta. Watanabe starta ekspedisjonen i Katmandu for over ei månad sidan, og tok den nordgåande ruta til fjellet frå Tibet. Ho skulle eigentleg nå toppen for fire dagar sidan, men på grunn av sterk vind måtte dei utsetje det siste stykket.

Tok rekorden allereie i 2002

Det er ikkje første gong at fru Watanabe blir den eldste kvinna på verdas høgaste fjell. I 2002 slo ho verdsrekorden då ho var 63. Den rekorden har stått heilt til no.

Den eldste mannlege Everest-klatraren er nepalske Min Bahadur Sherpa, som nådde toppen i ein alder av 77 år i 2007. Han har i likskap med den japanske kvinna ikkje tenkt å gi seg. I år planlegg han ein ny tur til toppen, som 82-åring.

Men ikkje alle forsøk er vellukka. For ganske nøyaktig eitt år sidan døydde den 82 år gamle Shailendra Upadhyaya i forsøket på å bli den eldste til å nå toppen. Han hadde gjennomgått harde treningsprogram, med fleire toppturar, før han la ut på sin siste tur. Det var likevel ikkje nok for 82-åringen, som måtte gi tapt for høydesjuke på 5.900 meters høgde.

3.000 har nådd fjellet

Rundt 3.000 menneske har til saman nådd toppen på verdas høgaste fjell. Andre klatrarar som har skapt overskrifter er ein blind mann, ein mann med protese og ein 13 år gammal gut.

April er den mest populære månaden å starte turen til det nesten ni kilometer høge fjellet. Dei vil då ha høve til å nå toppen i mai – dersom dei er heldige. Alt er nemleg avhengig av vêret, og gjennomsnittleg får ein berre to høve til å nå toppen.

Mount Everest (Foto: ScanStock)

Over 3000 har nådd toppen på det 8.848 meter høge fjelelt.

Foto: ScanStock
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Flere saker

Kim Magnus Bærum og Annette Taugbøl

– Hytta fortjener to Michelin-stjerner

Annette og Kim Magnus mener at de fikk drømmejobben.

Les saken

Dugnad på turistforeningshytte

Har jobba dugnad for 175 millionar

For at du skal kunne dra høgt til fjells for å nyte norsk natur, har nokon jobba dugnad – lenge.

Les saken

Padleeventyr

– Akkurat no drømme e om sol, varme, pass og all inclusive!

Blir turen med familien på fire i samme båt et eventyr? Les historien om tre sommerdager, en kano, et vassdrag og en eventyrlysten familie!

Les saken

Dronning Sonja i Flakstad

Dronning Sonja hyllet Norges første kvinnelige fjellklatrer

Dronning Sonja besteg i dag Flakstadtinden i Lofoten. Det gjorde hun for å hylle kvinnesaksforkjemperen Gina Krog.

Les saken

Per-Arnfinn Brekke

Drog i land laks på 22,5 kilo

Det tok ikkje meir enn fem minutt frå laksefisket starta natt til laurdag før denne sværingen beit seg fast på kroken til Per-Arnfinn Brekke.

Les saken

Else Karin Leikvoll Gundersen balanserer

– Jeg elsker å klatre

Aktiv i 100-prosjektet gjør noe med «dørstokkmila».

Les saken

Ungdom på Besseggen

Fem av Norges mest klassiske fjellturer

Pakk sekken og kom deg ut i sommer. Planlegg turen nå!

Les saken

Hunddalshytta i Narvikfjellene

Disse hyttene er perfekte for vennetur!

Vi gir deg ti trivelige tips til steder der det er plass til hele gjengen!

Les saken

Øystein Dahle

Ære til en revolusjonær vandrer

Øystein Dahle (75) er oljemannen som ble miljøforkjemper. I helgen ble han æresmedlem i Den Norske Turistforening.

Les saken

Munnspill på Besseggen

Fem favoritter på fjelltur

Her er fem passe unyttige tips for å øke trivselen på tur!

Les saken

Andre artikler om Ekspedisjon

  • Dale Oen får ikke krysse Grønland!

    Dale Oen får ikke krysse Grønland!

    «The Dale Oen Experience» nektes å krysse Grønland - nå drar de til Nordvestpassasjen istedet!

  • Norsk natur: eit tastetrykk unna

    Norsk natur: eit tastetrykk unna

    Finn du ikkje turboka du leitar etter i bokhandelen? Leitar du etter reiseskildringa bestemor las som ung? Dei er berre eit tastetrykk unna, på Norges største bokhylle.

  • Slik friluftsblogger du!

    Slik friluftsblogger du!

    Vil du blogge om lidenskapen din? Om friluftsliv, deilig natur, toppturer og ekspedisjoner? Tonje vet hvordan!

  • Lykke på langs i et halvt år

    Lykke på langs i et halvt år

    – Det skal ikke være noe macho-slit, vi skal være på tur! Rita Brekken og Sanne Karlsen har satt av seks måneder til å gå Norge på langs.

Sist kommenterte artikler

UT.no er et samarbeid mellom Den Norske Turistforening og NRK

- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen