
I SVEVET: Her susar Kyrre Kjørstad Falch over gamle Strynefjellsvegen medan bilen køyrer under.
Foto: Anne NerbøvikHer svevar Kyrre Kjørstad Falch (43) på snøbrett over fylkesveg 258, medan ein bil passerer under.
Publisert 01.06.2012 21:46. Oppdatert 01.06.2012 21:49.
– Det var kjempegøy. Det er ingenting som kan måle seg med eit slikt adrenalinkick. Eg stod berre og hoppa etterpå, fortel Falch.
Allmennlæraren frå Spjelkavik utanfor Ålesund likar fart og spenning. Og blir gjerne høg på livet. Av reint adrenalin. Nokre månader før var han og surfa i farvatn utanlands der det var hai. Førre helg hoppa han over gamle Strynefjellsvegen.
– Eg var i god driv. Vi hadde hatt ein flott dag i bakken, og eg var høg på adrenalin, elles hadde eg nok ikkje gjort det, seier Falch og ler.
Saman med ein vennegjeng var han og stod på brett ved Stryn sommarskisenter. Og der openberra denne skavlen seg, nokre hundre meter nedanfor skisenteret.
– Det var ikkje planlagt i det heile. Eg køyrde nedover fjellsida, og då såg eg at det låg sinnssjukt mykje snø der. Eg vurderte det slik at denne skavlen kunne forsvinne når som helst, og at det kanskje ville vere ti år til ein slik sjanse ville by seg igjen, seier Falch.
Skavlen var både høg og brei, og Falch vurderte det som rimeleg greitt, berre farten var god nok.
– Når ein gjer slikt er det viktig med grundig forarbeid. Eg gjekk så høgt opp i sida som eg kunne for å sjå på tilhøva for å vere sikker på at eg kunne komme over, seier Falch.
(Artikkelen held fram under biletet)

SJEKKAR TILHØVA: Kyrre Kjørstad Falch sjekka nøye tilhøva før han sette utfor.
Foto: Anne NerbøvikHan presiserer at det viktigaste for han ikkje er kor høgt eller langt hoppet er, men sjølve vanskegraden av det han skal utføre.
– Her var det snakk om eit unnarenn på 10–15 meter. Største utfordringa var på andre sida av hoppet. Der var det rett i ei steinur, så eg var nøydd til å bråskrense for å stoppe, seier Falch.
Etter å ha rekognosert og vurdert korleis hoppet skulle gjerast, gjorde venene seg klare for å dokumentere.
– Men eg hadde liten tru på at dei skulle klare det. Ingen av oss hadde med spegelreflekskamera, alle hadde berre mobilar, seier Falch.
Men Anne Nerbøvik stod klar med sin iPhone4, og det heldt, utruleg nok. For ho fekk berre ein sjanse.
– Farten var rimeleg høg, så eg fattar ikkje at det vart så bra som det vart, seier Falch imponert.
– Du skremde vel livet av den bilføraren som kjem køyrande medan du hoppar?
– He-he. I all hast gløymde vi at vi kanskje burde stoppa trafikken. Samtidig skulle eg jo ikkje ned i vegen. Det var ikkje ein opsjon ein gong, ler Falch.
(Artikkelen held fram under biletet)

BESTEMT: Her er Kyrre Kjørstad Falch på veg opp før hoppet.
Foto: Britt Rørvik DigernesMen det bør nemnast at Falch ikkje er ein kven som helst med brett under beina. 43-åringen har 35 års erfaring på snøbrett. Han har også drive mykje med kiting.
– Dette er ikkje noko som andre, spesielt ikkje barn, bør prøve på. Og eg er ikkje veldig stolt over at eg ikkje har hjelm på biletet. Hjelm og ryggskinne skal ein alltid bruke, seier Falch.
Nokre knall og fall har det vorte opp gjennom åra. Mellom anna har han knekt ryggen og øydelagt skuldra.
– Men det går stort sett bra, seier Falch.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Lite lysten på bunad, korps og lange køer? Pakk med ski og turklær, og feir nasjonaldagen til fjells!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.