
SYKKELTUR: Leif Sverre Høyvik bestemte seg for å ta seg over Jostedalsbreen på ein litt alternativ måte.
Foto: Leif Sverre Høyvik«Ingenting skal vere uprøvd» skreiv Leif Sverre Høyvik i hytteboka på Flatbrehytta før han sykla over Jostedalsbreen.
Publisert 03.06.2012 21:48.
Det byrjar etter kvart å verte mange som har gått over dei norske breane. Leif Sverre Høyvik frå Jølster bestemte seg for å prøve ein ny variant.
Det var ikkje noko impulshandling frå Høyvik si side. Han hadde tenkt tanken på å sykle over ein bre i mange år og natt til 30. mai vart tankar til handling.
– Eg køyrde inn til Fjærland og der batt eg sykkelen fast på sekken og bar han med meg opp til Flatbrehytta, fortel Høyvik.
Vel framme ved Flatbrehytta måtte den oppfinnsame syklisten finne seg i å vente på betre forhold.
– Eg måtte setje meg ned der å vente til sola gjekk ned. Då vart det kaldare og det fraus på, seier Høyvik.
(Artikkelen held fram under biletet)

FLATBREHYTTA: Her står sykkelen til Leif Sverre Høyvik parkert utanfor Flatbrehytta, 1000 meter over havet.
Foto: Leif Sverre HøyvikHøyvik nytta ventetida til å skrive seg inn i hytteboka. «Ingenting skal vere uprøvd» skreiv han før han etter kvart kunne ta sykkelen fatt.
– Eg var ikkje tolmodig nok til å vente, så det var ikkje heilt ideelle forhold då eg starta, ler Høyvik som fleire gongar har kryssa Jostedalsbreen, men då på ski.
Sykkelen vart trilla frå Flatbrehytta, opp på Flatbre og inn på Supphellenipa som er 1731 meter over havet.
Sykkelturen på breen vart omtrent tre mil og turen frå Flatbrehytta og ned til Bødalen baud ikkje på store problem for den erfarne breføraren.
– Det var i grunnen som forventa. Eg måtte tappe ut litt luft ifrå dekka for å få litt betre grep. Eg vurderte piggdekk, men det var ikkje naudsynt, seier Høyvik.
– Men er det ikkje forferdeleg tungt å sykle over ein bre?
– Nei, det gjekk fint. Det var ganske lett faktisk og føret var strålande, seier Høyvik.
(Artikkelen held fram under biletet)

UTSIKT: Det er ikkje noko å seie på utsikta når ein syklar over Jostedalsbreen. I bakgrunnen ser du Fjærlandsfjorden.
Foto: Leif Sverre HøyvikHøyvik møtte ingen andre syklistar (eller skiløparar for den saks skuld) på Jostedalsbreen den natta. Når han har fortalt om det til andre er det ikkje alle som trur på han.
– He-he, nei det er nokre som har litt problem med å tru på meg, men eg har sagt det til folk tidlegare at dette er noko eg vil prøve. Likevel må eg vel seie at det var mange som vart overraska no som eg har gjennomført det, ler Høyvik.

HØGSTE PUNKT: Her står sykkelen saman med varden på det høgste brepunktet, 1952 meter over havet.
Foto: Leif Sverre Høyvik– Veit du om nokon som har gjort det tidlegare?
– Eg trur ikkje det. Eg trur det har vore uprøvd fram til eg gjorde det.
Nokre fleire nyskapande «stunts» har ikkje Høyvik planar om med det fyrste, men det blir neppe den siste sykkelturen over Jostedalsbreen.
– Det var ikkje noko avskrekkande og eg kjem nok til å prøve å gjere dette fleire gonger, avsluttar Høyvik.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Lite lysten på bunad, korps og lange køer? Pakk med ski og turklær, og feir nasjonaldagen til fjells!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.