
MED STORLAKSEN: Ole Fredrik Skulstad landa laksen på 20,26 kg. Rune Jensen (t.h.) var medhjelpar.
Foto: PrivatAllereie andre dag av laksefisket i Stryneelva landa Ole Fredrik Skulstad ein laks på over 20 kilo.
Publisert 18.06.2012 11:00.

SVÆR: Rune Jensen med storlaksen som vart landa i Stryneelva.
Foto: Privat– Eg har fått laks på 20,6 kilo før. Men dette er den største eg har landa saman med ein kamerat, seier Ole Fredrik Skulstad.
Saman med kameraten Rune Jensen fekk bergensaren ein flying start på laksefisket då Stryneelva opna natt til fredag:
Allereie etter ein halvtime beit ein stor laks på makken, men sleppte. Det skulle derimot gå langt betre neste gong storlaksen beit.
– Ein tidlegare grunneigar fortalde at storlaksen gjerne sleppte seg ned i Monellhølen. Så dagen etter bestemte vi oss for å ro ned med båt. Og det gjekk ikkje lange tida før det kom eit stor plask bak den eine wobbleren, seier Skulstad.
Det var truleg den same laksen som var på kroken dagen før. Denne gongen var han mektig irritert.
Så bestemte fiskarane seg for å ro motstraums oppover elva ...
– Tilbake ved Monellhølen small han på. Eg vart nervøs, for eg ville så gjerne at denne skulle kome inn, fortel Skulstad.
(Artikkelen held fram under biletet)

SKIKKELEG RUGG: Laksen viste seg å vere på heile 20,26 kilo.
Foto: PrivatStorlaksen gjekk deretter rett motstraums, og saman med Jensen bytte Skulstad på å køyre ruggen etter alle kunstens reglar.
Til slutt fekk dei landa laksen. Han viste seg å vere på 20,26 kilo.
– Kva skal de bruke laksen til?
– Vi tenkjer å røykje han. Kanskje blir han julemat, seier Skulstad.
Forsvant på havet for over 200 år siden. Nå er han nattevakt og sjef på Lindesnes fyr.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.