
Dette fjellet har retten til namnet «Preikestolen» meiner aktørar i Odda. (Sjå fullt høgdebilete lenger nede).
Foto: Arkiv: AS Tyssefaldenes fotosamling, Norsk Vasskraft- og IndustristadmuseumReiselivsnæringa og ordføraren i Odda meiner eit Odda-fjell har retten til å heita Preikestolen. No vil dei ha namnet tilbake.
Publisert 19.06.2012 13:53.
På starten av 1900-talet var Odda ein godt besøkt turiststad og mange av turistane kom for å oppleva den vakre naturen.

Jostein Soldal i «Opplev Odda» vil ha Preikestolen «tilbake»
Foto: Egil Torheim/NRKGrunnen er at turistane då trur det er snakk om den meir kjente Preikestolen, som ligg i Lysefjorden i Rogaland. Dette fjellet heitte eigentleg Hyvlatonnå, men har i rundt 100 år vore kjent som Preikestolen.

Preikestolen i Odda kommune har vore ein turistattraksjon sidan slutten på 1800-talet. «Opplev Odda» ønskjer no å marknadsføra fjellet meir aktivt.
Foto: Arkiv: AS Tyssefaldenes fotosamling, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum«Opplev Odda»-sjefen meiner at rogalendingane har stole namnet frå Odda-fjellet.
– Trolltunga og Preikestolen i Tyssedalsfjella høyrer naturleg saman. Det er berre 20 minuttars gåtur mellom toppane, og me ønskjer å kunna marknadsføra begge, seier Soldal.
– Difor vil me no krevja namnet tilbake. Det kan nok bli ein lang og tøff kamp, men eg ønskjer i alle fall ein namnedebatt, seier Soldal.
Reiselivsnæringa i Odda er ikkje aleine om kravet, dei får støtta av ordføraren i Odda.
– Trolltunga og Preikestolen er to gode turistmagnetar for folk som liker fjellet. Dei høyrer saman og utgjer eit trekkplaster som me bør kunna promoterast i lag, seier ordførar John Opdal.
LES OGSÅ:
– Vårt fjell heiter berre Preikestolen, medan fjellet i Lysefjorden eigentleg har eit anna namn. Difor meiner me at det er vårt fjell som har rett til namnet og at dei bør skifta namn i Lysefjorden. Det trengst ei opprydding, slik at me får rett namn på rett stad. Det er viktig i forhold til turistane, seier Opdal.
– Korleis vil de gå fram for å få dei andre til å skrifta namn?
– Me må ta kontakt med Stavanger-regionen og be dei om det. Det vil vera naturleg at reiselivsaktørane her i Hardanger tar kontakt med reiselivsaktørane i Rogaland, og så vil me i kommunen støtta opp så godt me kan. Me vil argumentera godt for at det er Odda som skal få bruka Preikestolen-namnet framover, seier Odda-ordføraren.
Jostein Soldal i «Opplev Odda» seier han vil diskutera saka med «Reisemål Hardangerfjord», og så ta kontakt med aktørane i Rogaland.
Om eit namneskifte i Lysefjorden skulle bli ein realitet, fryktar han ikkje ein lang periode med mykje forvirring.
– Viss ein har vilje til å endra må det kunna gå an å fiksa dette, seier ordføraren.
Ei utfordring i namnekampen mot Lysefjorden er at det ikkje berre er i Lysefjorden og i Odda det finst fjell som er kjente som Preikestolen. Soldal har funne at det finst over 20 stadar med dette namnet i Noreg.
– I første omgang ønskjer me å få avklart at det er me og ikkje rogalendingane som har rett til å bruka namnet Preikestolen. Viss det viser seg at eit anna fjell fekk namnet før vårt, får me ta ein ny diskusjon og kanskje vurdera om ein namnekonkurranse for å finna eit nytt namn til Preikestolen vår, seier Soldal.

Preikestolen i Lysefjorden er det folk flest tenkjer på når dei høyrer namnet «Preikestolen».
Foto: Olaf Erlend Gundersen/NRK– Det er berre flott om me får litt konkurranse om namnet, det ser me stort på, seier dagleg leiar Audun Rake i «Visit Lysefjorden».
– At det finst to preikestolar synest eg er flott. Eg håpar me kan få til samarbeid med Odda, og så kan me fortelja folk at dei bør besøka begge to, seier Audun Rake.
Rake stadfestar at Preikestolen i Lysefjorden opprinnelege heitte Hyvlatonnå, men Preikestolen har ifølgje han blitt brukt om fjellet dei siste 100 åra.
– Det var Stavanger turistforeining som starta å bruka namnet og dei hang opp eit skilt som det stod Preikestolen på. Etter det har namnet Preikestolen festa seg, seier Rake.
– Kva er ditt svar til at aktørar i Odda meiner dei har rett til å bruka namnet?
– Det er ikkje snakk om tinglyste rettigheitar, men eit fritt tilgjengeleg namn. Då Preikestolen i Lysefjorden fekk det namnet trur eg ikkje nokon tenkte på at andre fjell allereie kunne heita det, seier Audun Rake.
Rake i «Visit Lysefjord» ser fram til at reiselivsaktørar frå Odda tar kontakt.
– Eg er sikker på at me vil få eit hyggeleg møte, avsluttar han.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Lite lysten på bunad, korps og lange køer? Pakk med ski og turklær, og feir nasjonaldagen til fjells!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.