
Etter å ha overnatta på turisthytta Fonnabu blei 28 gjestar med Kvinnherad turlag over Folgefonna. Her er gjengen på veg ned mot Odda.
Foto: Anne Kari EnesTurgåarar vil gjerne ha komfort, og varierte aktivitetar og gode matopplevingar trekte mange til fjells i helga.
Publisert 08.07.2012 15:32.
Denne helga «opna» Den Norske Turistforeining fjellet i Noreg. Turistforeininga sine 44 betjente hytter hadde felles opning for sommarsesongen, og lokka med alt frå budeiekurs, til klatring og baking.
– Me har fått tilbakemelding om at mange av hyttene har hatt godt med besøk i opningshelga, seier kommunikasjonsmedarbeidar Ida Amelie Helgesen i Den Norske Turistforeining til NRK.
LES OGSÅ: Denne helgen «åpner» fjellet

Ida Amelie Helgesen i Den Norske Turistforeining er sjølv på fjellet i helga. Ho har tatt turen til Rondane.
Foto: Den Norske TuristforeningFull oversikt over antall gjestar hyttene har hatt får turistforeininga først i løpet av neste veke, men det var venta mange besøkande.
– Ved starten på juli viste medlemsoversikta vårt at me har hatt ein auke på 3217 medlemmer i forhold til same periode i fjor, seier Helgesen.
– Kven er det som besøker turisthyttene?
– Det er alle typar folk i alle aldrar, seier Ida Amelie Helgesen.
Den Norske Turistforeining har det siste par åra merka ei ny trend blant dei som besøker hyttene.
– I staden for å gå frå hytte til hytte ser me at fleire føretrekk å bu fast på ei hytte, og heller gå dagsturar ut frå den hytta. Kanskje orkar ikkje alle å bæra så tung sekk, og mange ønskjer høg standard også på fjellet. På dei største hyttene våre kan ein få eige rom og trerettars middag, forklarer Helgesen.
Felles opning for sommarsesongen er eit populært tiltak, og nokre hytter som i utgangspunktet er ubemanna er også med, blant anna Fonnabu hytte ved Folgefonna i Hordaland.
– Me synest det er viktig å vera med på å markera opninga, og liker godt at folk besøker Fonnabu. Og me ønskjer å slå eit slag for naturen, fortel Kjell Yri til NRK.
Saman med Kvinnherad turlag arrangerte Yri laurdag tur frå Bondhus til Fonnabu. Over 30 deltakarar var med til hytta som eigentleg har 27 sengeplassar.
Då turgåarane kom fram stod to budeier klare med rømmegraut og spekemat.
– Me fekk oss ein fin kveld med god mat, gode historier og allsong, smiler Yri.
I dag gjekk turen vidare over Folgefonna for dei som ønskte det.
– Me er veldig godt nøgde med opningshelga, og stiller gjerne opp igjen neste år, seier Yri.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Lite lysten på bunad, korps og lange køer? Pakk med ski og turklær, og feir nasjonaldagen til fjells!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.