Friluftsliv for alle

Hele Norges turplanlegger

Fyrste gong på fjelltur!

Hedda og Kasper i Rondane (Foto: Aurora Arnkværn)

Hedda og Kasper fekk smaken på fjell-livet på sommarferie i Rondane!

Foto: Aurora Arnkværn

Rondane er perfekt for deg som aldri har vore på fjelltur – men som vil teste det ut i år!

Runde fjell og dalar som passar for alle. Høge toppar med vakkert utsyn for dei som lengtar etter kriblingar i magen.

Nasjonalparken som fyller 50 år i år har begge deler.

Rondane er eit populært fjellområdet som har mykje besøk om sommaren. Her kjem tipsa for deg som ikkje har vore der før.

Familie fann vegen til Rondane

I kano i Rondane (Foto: Aurora Arnkværn)

Hedda har fått prøve seg i kano.

Foto: Aurora Arnkværn
Til topps i Rondane (Foto: Kim Elnan)

Alle kom til topps!

Foto: Kim Elnan
Sommer i Rondane (Foto: Kim Elnan)

Småturer frå hytta passer godt for barnefamiliar.

Foto: Kim Elnan

Aurora Arnkværn og Kim Elnan tok med borna Hedda og Kasper på ei vekes sommerferie på fjellet.

– Å vere på fjellet dreg oss tettare saman. Mamma Aurora Arnkværn kikkar bort på borna Hedda og Kasper som spelar Ludo på hytta Bjørnhollia.

Til vanleg er kvardagen med ein seks- og niåring i familien travel med skule og arbeid. Denne sommarferien drog familien på ferie i Rondane for fyrste gong.

–Her kjem vi nærare kvarandre, ja, vi blir faktisk kjend med kvarandre på ein ny måte. Det er få impulsar som stjel merksemd. På fjellet blir vi dratt mot det same, fortel Aurora Arnkværn.

To store, to små og ein hund!

Då familien skulle planlegge ferieturen var det viktig å finne eit område kor vaksne, born OG hund kunne trivast, sidan hunden er ein sjølvsagt del av familien.

På UT.nos turplanleggar kryssa dei av kriteriene og fekk opp ein handfull alternativer.

Til slutt trakk Bjørnhollia det lengste strået. Her valgte dei å bu fast med varierte aktiviteter på dagtid og familiehygge med god mat og brettspel på kveldstid.

Familien har gjort seg fleire erfaringar som dei tek med seg neste gong dei skal på tur.

Pakk lett og godt

– Vi skal pakke mindre, ler Kim Elnan.

Ryggsekken hans vog 36 kg og Aurora hadde 25 kg på ryggen frå Straumbu til Bjørnhollia.

På ein vanleg sommartur på fjellet frå hytte til hytte er anbefalt tyngde 7- 12 kg for ein enkeltperson.

Sjølv om sekken bør vere lett, må du ikkje legge frå nødvendig utstyr som ivaretek sikkerheit. Førstehjelpsutsyr, solkrem, nok klede, vatn og mat må ikke ligge att heime.

Aurora Arnkværn vill i framtida gå for ullklede både for dei store og små. Då familien opplevde fleire dagar med regn var ull det einaste som holdt dei varme sjølv om dei var kliss gjennomvåte.

– Stas med padling åleine

Den siste veka har det blitt fleire fjellturar, fisking og bading i både fjellvatn og regnvêr. Kasper nøler ikkje med å fortelje kva som er hans favoritt:

– Det beste var å padle kano og aller helst åleine, utbryter seksåringen.

Fiskestenger og kano fekk dei leige på hytta. Kim Elnan er imponert over kor tilrettelagt og variert tilbodet til fjells er.

– Det er enklare enn eg hadde trudd på førehand. Og det blir aldri kjedeleg når ein kan både fiske, padle, telte eller ha hyttekos.

Prøv Rondane med ein ny vri

Med sykkel: Tar du toget til Hjerkinn stasjon kan du leige nye og gode herre- dame- og barnesyklar og fortesette turen på grusvei innover i Grimsdalen. Rundt Grimsdalshytta er det mange fine moglegheiter. Ta til dømes ein rundtur over Tollevshaugen og Grimdalsgruva (50 km) eller til Nedre- eller Øvre Dørålsseter.

Sjå Rondane frå hesteryggen: På Sulseter kan du vere med på rideleir, helgetur eller langtur.

Ta med hunden: Din firbeinte turkamerat har det fint i Rondane. Mange av hyttene er godt tilrettelagt, nokre stader kan hund og eigar dele soverom. Sjå etter hundeteiknet i hyttebeskrivelsen.

Avslutt Rondane turen med eit Spa- opphold: Kva er vel betre for slitne ryggmusklar enn profesjonell massasje. Rondane Spa har gode pakketilbod som passar ypperleg som avslutning på fjellturen.

Desse toppane BØR du sjekke ut

Mot Rondeslottet (Foto: Sindre Thoresen Lønnes/Den Norske Truistforening)

RONDESLOTTET: Rondane byr på toppar som kan utfordre dei fleste. Rondeslottet er den høgaste toppen i Rondane (2178 moh.)

Foto: Sindre Thoresen Lønnes/Den Norske Truistforening

Aurora, Kim, Kasper og Hedda budde fast på ei hytte i veke og tok dagsturar i området rundt hytta. Ein lur løysning for familiar med mindre born.

Blir ein lenger enn to netter på same hytte er det som oftast mogleg å bestille plass på førehand på hyttene i Rondane.

Rondvassbu er særskild godt egna som base for dei heftigaste toppturane. Frå denne hytta er det mogleg å nå alle ti toppane over 2000 meter.

Dei klassiske rutene frå hytte til hytte

Det er gjerne ein grunn til at nokre turar er blitt klassiskerar. Desse rutene tek deg gjennom Rondanes skattkammeret.

Den klassiske trekanten: Er den mest populære turen blant vandrarar i Rondane. Det ein tur på ca. 60 km som du kan gå på 4-5 dagar. Er tilrettelagt for hund.

Rondane fra nord til sør:Hjerkinn - Grimsdalshytta - Dørålseter - Bjørnhollia - Rondvassbu - Eldåbu

Gå fra Hjerkinn og nærm deg Rondanes stortopper dag for dag, blant annet gjennom Dørålglupen, av mange kalt "Porten til Rondane". Så fortsetter turen blant de majestetiske topper og ut på andre siden, ned mot myke stier på Ringebu.

Rondane vest: Med Høvringen som utgangspunkt har du mange muligheter. Ta inn på en av de mange hyggelige fjellstuene her før du tar fatt på rundturen med Dørålseter som første stopp.

Vær merksam på at hyttene i Rondane er stengt mellom 1. mai til 10. juni på grunn av kalvingsperioden til villreinen.

Flere saker

Powerpot

Lad mobilen med kokekaret

TEST: Dette kokekaret lader mobilen mens du koker vann.

Les saken

Yuichiro Miura

Verdas eldste på Mount Everest

No har han nådd toppen - igjen.

Les saken

Maleri av fyrforvalter Andreas Mølbach

Går igjen på Lindesnes

Forsvant på havet for over 200 år siden. Nå er han nattevakt og sjef på Lindesnes fyr.

Les saken

Treretters måltid på Lindesnes Fyr

Fisk i tare, fyrbrød og rabarbramuffins

Prøv en treretters fra hagen på Lindesnes fyr.

Les saken

Full fart i hundesleden.

Flyttet grenser på Finse

Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.

Les saken

Bjørkeblad, museøre

Gå ut og smak på våren!

Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!

Les saken

Mats sköter frukostdiskning vid bäcken i Grøtådalen.

Svensk hyllest til Femundsmarka

Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!

Les saken

Barnas Turlag på tur til Ørnfløya

Vårlige helgeturer uten snø

Her er noen snøfrie turforslag nær de største byene. God tur!

Les saken

Øvresaga

Ni fine turer i Oslo-ulvenes spor

Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.

Les saken

Sist kommenterte artikler

UT.no er et samarbeid mellom Den Norske Turistforening og NRK

- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen