
FRISTAR DET? God mat er viktig på tur. Her er turfolkets eigne tips.
Foto: Ida Amelie Helgesen /NRKPleier maten på tur å smake litt kjedelig? Dette kan du gjera noko med. Vi har spurt turfolket kva dei anbefaler på primusen.
Publisert 27.07.2012 09:38.
Diskusjonen om kva som er det beste med ein tur til fjells kan bli høglytt.
- Vekt
- Næringsinnhold
- Råvarer som held seg godt
- Enkelt å lage
- Og ikkje minst… Smak!
Den friske fjellufta, seier mange. Eller kva med utsikt over dalar, fjord og fjell?
Men etter ein lang dag med fjellsko på beina og utallige høgdemetrar lagt bak seg, er det lite som slår ein skikkelig god middag.
Vi har møtt fem turglade personar og stilt dei følgjande spørsmål:
1. Kva skal du ha til middag i dag?
2. Kva er det beste turmåltidet du veit om?
3. Har du eit lurt tips til mat på tur?

BURGER: Arne Kildahl (27) seier om du byttar du ut brødet med glutenfrie potetkaker er fiskeburger eit måltid som passar godt for dei med glutenallergi.
Foto: Ida Amelie Helgesen /DNT/NRK1. –I dag lager eg ein sunn og god fiskeburger med fiskekake som er laga av aure og kveite.
– Attåt burgeren har eg tomat, mais og pesto og brød. I turfølgje er det ei som er allergisk mot gluten og ho får glutenfrie potetkaker i stadenfor brød, seier Arne Kildahl til ut.no.
2. –
Ein absolutt turfavoritt er club sandwich. Steik kyllingfilet og bacon og et det saman med salat, brød og ein god rømmedressing.
3. – Eg plar ha meg meg pesto. Den funkar som ein smaksforsterkar og kan piffe opp det som i utgangspunktet er ein kjedeleg matrett, seier Kildahl.

Mari Hammersund (26) seier byggris er favoritten. Meir næringsrikt enn pasta eller vanleg ris.
Foto: Ida Amelie Helgesen /DNT/NRK1. – Eg har sykla inn til fjells og gjekk difor for ein middag som er enkel og lett, nemleg Toro fiskesuppe.
– Den blei servert saman med knekkebrød og egg, så til slutt enda det opp som ein ekte trerettars middag, seier Mari Hammersund til
ut.no.
2. – Som første måltid på tur vil eg anbefale frosen laksefilet som ein steikjer på panna.
– Som tilbehør kan ein koke byggris og ha med ein boks med snøfrisk eller kremost som tas på byggrisen. Og hugs salt og litt krydder.
3. – Byggris er lur turmat. Den tar lite plass, men har mykje næring i seg. I tillegg tar det kort til å koke opp.
– Byggris kan brukas til det same som vanleg ris, i supper og passar godt til wrap
, seier Hammersund.

NÆRINGSRIKT: Prøv pekannøtter, paranøtter eller macadamianøtter, oppfordrar Martin Hængsle (36).
Foto: Byggris er Maris favoritt. Meir næringsrikt enn pasta eller vanleg ris/DNT/NRK1. – I dag unner vi oss nokon ekstra gode pølser med både ost og bacon. Dei er kjempegode, seier Martin Hængsle til ut.no.
2. – Til vanleg plar eg gå frå hytte til hytte i fjellet og kjem difor fram til ferdig dekka bord. Eg vil særskild trekke fram Glitterheim og Torfinnsbu som hytter med særleg god mat.
– Dersom eg lagar mat sjølv er bacon ofte med i sekken. Det er lett, praktisk, enkelt å steikje og billig.
3. – Gode nøtter er verdas beste turmat! Vanlege peanøtter går an, men kan bli kjedeleg.
–
Prøv heller pekannøtter, paranøtter eller macadamianøtter. Lett å ha med i sekken, næringsrik og utruleg godt., seier Hængsle .

KLASSIKER: Synnøve Brekkan (27) lager pannakakerøre heime- og tar den med på tur i ei flaske. Kjapt og godt.
Foto: Ida Amelie Helgesen /DNT/NRK1. – Eg et kylling med pasta, pesto, tomat og mais. Det er sunt og godt, har mykje næringsstoffer og passar difor godt som turmat, seier Synnøve Brekkan til ut.no.
2 – Et godt tips er å lage pannekakerøre på førehand og ta med på ei flaske.
– Kan etast med det tilbehøret ein ynskjer, til dømes pølser, bacon eller sjølvplukka blåbær! Utruleg godt!
– Hmm. Eg går aldri på tur utan sjokolade!

ENKELT MEN GODT: Ingvild (23) er nøgd etter dagens middag som var pasta carbonara med sopp, bacon og mais.
Foto: Ida Amelie Helgesen /DNT/NRK1. – Dagens meny er pasta carbonara med sopp, bacon og mais. Det gjekk ekstra kjapt sidan vi kokte pastaen i sausen.
– Ein enkel rett som er deilig på smak. Det smakar ekstra godt med litt salt etter ein fjelltur, seier Ingvild Laurland Høie til ut.no.
2. – Eg brukar ofte ein ferdig Toro-pose, til dømes jegergryte, som eg piffar opp med grønnsaker og tørka kjøtt.
– Sjølv om det er greitt at turmat er enkel, er det òg viktig med ein spennande smakar. Mat er ein stor del av turkosen!
3. –
Eg tek med meg ein liten pose med urter av det eg har i krydderskapet. Det kan gjere dei kjedeligaste rettar meir spennande, seier Laurland Høie.
Les også:
Fyrforvalteren med trefoten forsvant på havet for over 200 år siden. Nå er han nattevakt og sjef på Lindesnes fyr.
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
Vi har vært i fyrhagen på Lindesnes og laget en treretters meny av det vi fant på land og under vann. Prøv oppskriftene!
Svartkjele, termos og pulverkaffe har fått en konkurrent: «Growers Cup».
Nå kan du kose deg med pinnebrød, marshmallows og pølser på skogturen igjen.
For å lage brennmanetsuppe trenger du svømmeføtter, våtdrakt, snorkel og maske. Og selvsagt maneter.
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.