
VÊRAVHENGIG: Nedbør og temperatur er avgjerande for kor mange av desse som poppar fram i fuktige delar av skogen.
Foto: Greve, Jan/ScanpixKaldt sommarvêr gir sein og usikker sopphaust. Jevn nedbør dei siste månadane gir likevel håp.
Publisert 09.08.2012 12:57.
– Det er ikkje mykje som har kome opp enda. Noko kantarell, og litt piggsopp, men ikkje noko særleg så langt, fortel Marte Gjestland i Trondheim sopp- og nyttevekstforening. Ho er ein av dei som følgjer vêrmeldinga nøye med tanke på sankemoglegheitene i skogen.

VENTAR: Marthe Gjestland håpar september vil bringe mykje sopp. Her med ein stor steinsopp i skogen.
Foto: Randulf Valle/Friluftsliv.noBåre i nord og sør tittar dei smakfulle godbitane fram seinare enn dei gjorde i fjor. Soppforeininga kan fortelje at det ser ut til å bli eit godt kantarellår på austlandet, men i kaldare strøk er det meir usikkert.
– Nedbør er det viktigaste for soppen. Det har vore mykje regn i sommar, så det lover godt. Faren er at det kanskje har vore for kaldt, seier Gjestland.
Difor ser ho med glede at yr.no lovar litt varmare tider neste veke, og håpar at det kan bety mykje godt i korga.
– Vi er lova ei veke med varmt vêr no, og det kan hjelpe, men eg er veldig spent på kva som skjer. Blir det for tørt så vil ikkje soppen kome opp i det heile.
Soppkontrolløren har god greie på det som veks i krikar og krokar under lyng og bjørk. Mellom blåbær- og tyttebærplukking om hausten er det dei runde hattane som får merksemda. No ventar ho på september.
– Vi kallar det jo gjerne for "sopptember". I fjor hadde vi ein veldig god sesong, men i år har eg ikkje fått rapportar om spesielt mykje sopp. Vi har sett veldig lite raudskrubb i år, og det er vanlegvis ein tidleg sopp. Den har glimra med sitt fråvêr, seier Gjestland.
Ho trur likevel at dei vanlege soppane, som kantarell og piggsopp, vil komme som normalt. Og ho har gode tips til kvar ein bør leite:
– I fjellet bør ein sjå etter eit bjørkebelte, der er det gjerne kantarell. I låglandet er det lurast å sjå i ei nord- eller austhelling. Sjå etter lommer i skogen, der det er lysare, og langs stiar. Det er viktig at det ikkje er for tørt, forklarer soppentusiasten.
Trass i ein deprimerande kald sommar fleire stader i landet, tek ikkje Gjestland sorgene på forskot.
– Det er litt usikkert, men vi får jo alltid sopp, så vi må rekne med vi får det i år også. Det som kan stoppe det er om frosten kjem tidleg. Då er det slutt.
Når det lite sopp, er mange også spesielt opptekne av å halde dei gode soppstadene skjult.
– Når du finn din kantarellstad så seier du det ikkje til nokon, spøker Gjestland.

Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
Sevja stiger når vårsola varmer! Mai er tiden for en morsom, og smakfull skogstur.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Jepp, du leste rett, du treng ikkje vente til hausten. Snart er skogen full av vårsopp!
Om høsten er jeg ikke rik før jeg har sanket fryseren full av traktkantarell, skriver journalist Julie Maske i denne artikkelen.
En friuke perfekt for nye eventyr!
Godt merka turløype i Bymarka. Start fra P-plass i Granåsen. Følg turstien gjennom Strupen fram til Rønningen. Herfra følger du veien ned til P-…
Hevillen (412 moh.) ligger i Malvikmarka. På toppen møtes fire kommuner; Trondheim, Klæbu, Selbu og Malvik. Et naturlig utgangspunkt for turen er…
Et av Trondheims landemerker. Toppen når du fra Ladehammervegen og Kaptein Kaaldsveg når du kommer fra Strandvegkaia, eller Ladehammervegen og sti…
Søremsåsen ligger ved VM anleggene i Granåsen. Du når toppen ved å følge langrennsløypa ut av stadion over Smistadvegen opp til venstre i Ås…
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.