
Rådgjevar i Naturforvaltninga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Tormod B. Bugge Meisingset, anbefaler å jakte på bukk i byrjinga av jakta.
Foto: Brynjulf MeisingsetTidleg jaktstart gjer at unge hjortekalvar er enda mindre førebudde dersom mora blir skote. – Dersom ein er i tvil, så skal ein ikkje skyte, seier Tormod B. Bugge Meisingset i Naturforvaltninga.
Publisert 07.09.2012 16:29.
Seint på våren og tidleg på sommaren finn nye hjortekalvar vegen til verda. Mora, kolla, er halmstrået til dei nye kalvane. I eitt heilt år brukar kalvane å følgje mora.
Spesielt dei første månadene er det viktig at hjortekalvane har mora fram føre seg.
– Dersom ein kalv mistar mora tidleg i livet, så har den dårlege føresetnader for å overleve hausten og vinteren. Det er ei klar sak at vi ikkje vil at morlause kalvar skal gå i skogen, seier Tormod B. Bugge Meisingset i Naturforvaltninga.
For uhell kan skje. Hjortejakt er ein klar del av Noreg, og mange får koller i siktet sitt.
Ein jeger skal derimot vere 100 prosent sikker på at kolla ikkje har kalv før skot blir avfyrt.
– Ein skal gjere alt ein kan for å forsikre seg. Somme kalvar er tett på mora, andre ligg i vegetasjonen rundt. Kalven er heilt avhengig av mora på denne tida, seier Meisingset.
Jaktstart i år er 1. september, mot 10. september i tidlegare år. Det byr på ekstra store utfordringar.
– Akkurat no er det meir sannsynleg at kalven ikkje følgjer mora. Så ein må vere observant.
– Kalven følgjer ikkje mora?
– Når mora kjem ut og beitar, så brukar kalven å ligge igjen i skogkanten. I ein jaktsituasjon kjem kalven ganske langt etter for den er ikkje like rask. Så ein kan fort tru at kolla er kalvelaus, fortel Meisingset.
I staden kan kalven følgje 100 meter bak.
Saka held fram under bildet.

Hjortejakt er ein stor del av norsk jakt. Her er to hjortar ute i den norske vegetasjonen.
NRKÅ ikkje skyte koller med kalv er ein klar del av jegeropplæringa. Alle skal vite om det, ifølgje Meisingset. Dersom det først skulle skje uhell er naturforvaltaren klar på kva som må gjerast.
– Dersom ein skyt ei kolle så må jura sjekkast for mjølk. Er der mjølk, er der ein kalv i nærleiken. Då må ein gjere det ein kan for å felle kalven òg. Legg ned den nødvendige innsatsen!
Om ikkje kan kalven gå ei trasig tid i møte.
– Utan mora har dei vanskeleg for å ta til seg næring og mat. Dei mistar livsvisdom som går frå mor til unge, og dei får heilt andre føresetnader enn dei kalvane som følgjer mora første del av livet.
– Ein sparer kalven for liding ved å skyte han òg, dersom mora blir skote. Dyrevelferd, rett og slett. Ein kalv har det ikkje godt om han er utrygg og utan mat.
Den enkle hovudregelen til Meisingset er:
– Dersom ein er i tvil, så skal ein ikkje skyte, avsluttar naturforvaltaren – og oppmodar til jakt på hjortebukkar i byrjinga.
Jakten i Norge deles i storviltjakt og småviltjakt. Storviltjakten omfatter jakt etter klovvilt som elg, hjort, villrein og rådyr. Det trengs spesiell tillatelse fra kommunen eller fra Direktoratet for naturforvaltning for å jakte på storvilt.
Elgjakt kan drives med løshund, dvs. hunden slippes på elgsporet. Elgjakt kan også drives med ledhund som føres av jegeren. Hunden følger sporet mot vinden. De fleste steder i landet, særlig på Sørlandet, er drivjakt den viktigste jaktmåten. Flere jegere eller drivere jager elgen mot på forhånd utsatte poster plassert på steder man vet at elgen trekker over når den blir jaget.
Villreinjakt i høyfjellet er smyg- eller stillingsjakt. Ofte foregår jakten ved at jegeren ser en flokk rein, søker å beregne hvor flokken vil passere og posterer der til flokken kommer på skuddhold. Jakten drives vesentlig sør for Dovre.
Hjortejakt foregår i alle landets fylker unntatt de to nordligste og Oslo. Jegeren velger da et sted, vinden tatt i betraktning, hvor han av erfaring vet at hjorten passerer når den om kvelden trekker ned på myrer, åkrer, engslåtter o.l. for å beite.
Rådyret jages nå ofte med lavbent hund av rasene beagle, drever eller dachshund.
Dådyret regnes som en introdusert art og kan jaktes over hele landet.
Småviltjakt omfatter jakt på hare, rev, rype, skogsfugl (tiur, røy, orrhane og orrhøne), jerpe, rugde, gjess, ender og vadere. Slik jakt drives praktisk talt over hele landet.
Rype- og skogsfugljakt drives både med og uten hund. Jakt med hund skjer best mot vinden, som gir hunden mulighet til å få fert, lukt, av fuglen eller av spor etter den. En del rype blir også fanget i snare vinterstid, fortrinnsvis i våre nordligste fylker.
Hare- og revejakt foregår vesentlig med hund. Hunden søker, leter opp viltet eller sporet av det.
(Store Norske Leksikon)
Det har skjedd noe etter TV-serien «Ingen grenser». Fjellet inntas av nye eventyrere. Vi ble med da Finse ble erobret.
Kan me by på eit glas sval bjørkesaft? Eller kva med ein kopp skogste, søta med gransirup? Slik smakar du på våren!
Lite lysten på bunad, korps og lange køer? Pakk med ski og turklær, og feir nasjonaldagen til fjells!
Når to fotoglade svenskar forelskar seg i norsk natur, blir resultatet magisk vakkert!
Sannsynligheten for at du møter en ulv i Østmarka er veldig liten. Ulven er sky og stikker nok av hvis den ser deg.
– Vi har sett isbjørnspor, og fått kjenne på en heftig vinterstorm.
For første gang er begge ulvene i Østmarka fotografert, og det ser absolutt ut som om tispa venter valper!
- Ansvarlig redaktør Thor Gjermund Eriksen
Opphavsrett © 2008 - 2013 Den Norske Turistforening og NRK. Alle rettigheter reservert.