VOLAHYTTA
Hytta ligg i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.
Hytta ligg ca 950 m.o.h , i eit høgfjellsområde mellom Voss i sør, Kvitanosi i nordvest, Vikafjellet i nord og Teigdalen i vest. Hytta er plassert fint i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss s...
TILKOMST SOMMAR
Du kan koma til hytta etter T-merka sti frå Dyrvedalen (ca. 5 t.), Bavallen (ca. 6 t.), Tvinne (ca. 6 t.), Afdal (ca. 5 t.) frå Tvinnestølen (ca. 1,5 t.) eller Torvedalen (ca. 5 t.) Den T-merka stien frå Dyrvedalen er ny i 2018. Sjå eigen omtale av stien.
Om sommaren kan du også køyra via Evanger og Teigdalen til Voladammen. I normale snøår kan du rundt jonsok køyra til Eidesfannadalen (ca. 2 t til hytta) og heilt til Voladammen frå midten av juli. Derifrå i T-merka sti, (ca. 45 min, 1,8 km) . Bilvegen frå Brekkhus til Voladammen er privat og går gjennom vill og spektakulær vestlandsnatur og er ei oppleving i seg sjølv. Ingen bompengar.
TILKOMST VINTER
Om vinteren kan du gå på ski frå Tvinne/Afdal eller Torvedalen. Du kan og koma til hytta frå Bavallen via Lønahorgi og Tvinnestølen. Om vinteren er det også ein fin tur å gå til hytta frå Dyrvedalen.
I snørike vintrar kan hovudhytta vera nedsnøa, mens snøen rundt sikringshytta pleier å blåsa vekk. Volahytta er ikkje tilgjengeleg frå Brekkhus via Voladammen om vinteren.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk