Fasiliteter
- fiske
- båt
- kano
- hund
Hytta ligg ved søraust-sida av Langevatnet i Askvoll kommune, 500 m.o.h. Der er sju sengeplassar pluss sovasofa, seng i bod, samt hems med plass til fire eller fem. I uthuset er det seng for hundeeigarar. Denne kan nyttast også i kjølege periodar med oppvarming frå propanomn.
Nipebu er sjølvbetjent, dvs at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Betaling av proviant og overnatting skjer med eingongsfullmakt som du fyller ut og legg i postkassen i stova.
Nipebu er lagt midt i trasèen "Hav til Bre", som startar i Stongfjorden og med tid og stunder skal ende opp ved breen. Ruta er ferdig merka Stongfjorden - Nipebu - Massbu - Laukeland.
Det er båt og kano i naustet eller i vika rett nedanfor hytta. Bruk redningsvestar! Mange fine fiskevatn rundt hytta.
Mobilforhold:
På Nipebu er det stadvis dekning. men ein må leite litt rundt i terenget for å finne plassar der det går å ringe.
Oppe på haugen ca 100 meter aust / søraust for hytta er det bra dekning.
På hytta er det antenne ute på veggen og inne på hytta skal det vere antenneovergangar til dei fleste telefonane som har antenneuttak.
På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0304459 6812998
For den historieinteresserte kan vi nevne at bua opna 9. juni 2001. Uthus vart bygt i 2002, naustet i 2004 og utedoen var ferdig 2007.
Sist oppdatert: 2013-01-14 23:59:54


Har du vært på Nipebu? Del dine erfaringer her