Kjelsnesstøylen

Legg til huskeliste
Annonse

Kjelsnesstøylen byr på 400 høgdemeter "rett opp" i noko bratt terreng. Turstart ved Jølstravatnet over bø, skogsveg og vidare på godt opptråkka sti. Det er raude merker på stien etter fjelltrimpost i 2015. Støylen gir deg flott utsikt over "heile Vassenden", Tindefjellet og Jølstravatnet. Frå støylsveggane ser du også Kvamshestane i Gaular, og om kveldane kan du nyte solnedgangen i vest. På støylen er det sett opp ein utedo, som er open for at alle kan nytte den. Utedoen er plassert slik at du kan sitje med døra opa med utsikta over Vassenden når du gjer ditt fornødne. Ingen som er ved sela eller går på stien har innsyn- sjølvsagt! Når du går turen til Kjelsnesstøylen må du hugse på å late att grindar etter deg sidan det er ein del beitedyr i området.

Turen tek kring 35-45 minuttar opp for folk i normal form. Turen til Kjelsnesstøylen vert av lokale trimmarar nytta som trimløype med tidtaking. Rekorden er på rundt 18 minuttar! Dei som trimmar skriv tida si i ei bok som ligg i ein kakeboks i utedoen. Skriv ned tida di, og konkurrer mot di eiga tid neste gang du går opp!

Adkomst med egen bil

Ta av E39 på Vassenden, og køyr på fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet i ca 2-3 km. Parker på utkøyrsel nede mot vatnet. Utkøyrsla er under husa i byggefeltet Vassbakkane. Om du kjem frå Vassenden ligg denne utkøyrsla rett før bøen der turen startar. 

Annonse