Hamarsbakkestøylen- rundtur

Legg til huskeliste
Annonse

Turen skildrar ei rute opp, og rute ei ned att, slik at det vert ein fin rundtur. Heile turen er på sti. Pga. geiter, som går på bøen i sommarhalvåret, er bøane godt inngjerda. Pga. dette må turen starte og slutte i gardstunet der grindane er sett opp. Det er viktig å late att alle grindar på denne turen, og ver merksam på at straumen i gjerda er spesielt sterk. Turen opp går i noko slakare terreng enn ruta ned att. På veg opp kryssar du små bekke- og elvefar ved fleire høve. Det er fine steinbruer over dei største grovene.

På støylen står det tre hus; to på Hamarsbakkestøylen og eitt på Holestøylen, som er ein eigen støyl sjølv om den ligg "vegg i vegg" med Hamarsbakkestøylen. På vegen ned følgjer du same sti til du omlag er halvveges nede att. Stien ned går på den gamle støylsråka, som ganske nyleg er opna opp att og går rett ned mot gardstunet i Hamarsbakken. På vegen ned får du flott utsikt mot Jølstravatnet og Ålhus. Landskapet du går i har synlege restar etter gamalt jordbruk.

Turen tek ca 35-45 min opp ved normal rask gange, og 20-25 minuttar ned. Sidan det er noko bratt må t.d. barnefamiliar rekne med å bruke ein del meir tid.

AC Kapstad for IST

Adkomst med egen bil

Køyr e39 til Vassenden. Køyr fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet i 3-4 km. Parker ved Jølstravatnet. Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikken langs fylkesvegen, eller for gardsdrifta. 

Annonse