Dette er ein flott heildagstur, dersom du har med deg sykkel. Du parkerer bilen ved Dyranut, på toppen av Norges tak Hardangervidda, syklar ca 1 km på RV 7, og tek av på Tinnhølvegen ved Tråastølen, syklar 11 km til Trondsbu/Tinnhølen, deretter 4-5 km til Byen.
Herifrå må ein gå inn til Stigstuv, ca 1 time. Både Trondsbu Turisthytta og Stigstuv Turisthytta serverer mat, sjekk opningstidene. Retur same veg. Alternativt kan ein sykle frå Tråastølen til Bjoreidalshytta (stengt) ca 5 km, gå derfrå tur/retur til Stigstuv, ca 2,5 timar kvar veg, og så sykle tilbake til Tråastølen.