Stien til Endestadnipa 763 moh startar på bilvegen frå Storebru til Endestad. Rett etter Endestad Camping er det skilta til Endestadnipa, Torsvatnet og Høgenipa. I starten er det bratt oppover i skogen, men tydeleg sti og godt merka med oransje pålar.
Litt oppe i lia krysser du stien som kjem opp frå Langedal. I eldre tider brukte dei denne stien når dei skulle til Eikefjord før første brua på Storebru vart bygd.
Stien fortset forbi Velomstøylen oppover lia. Det er ikkje like bratt heile tida, men nokre kneiker innimellom dreg pulsen godt opp. Etterkvart kjem du ut av skogen og terrenget opnar seg.
Høgenipa 574 moh kjem til syne ei god stund før du er framme. Det er fin utsikt opp dalen, oppover mot Svarthumle og nedover mot Eikefjorden. Du går innover og ned til Torsvatnet frå Høgenipa. I vestenden av Torsvatnet er det ei demning. Det vert fortalt at då dei opna demninga heldt det til tre dagars drift av kvenna nede på Endestad.
Gå over elva og opp og innover ovafor vatnet. Ein må godt innover over halve vatnet før ein svingar opp og så ut ei skår i fjellsida. Ein fortset vidare oppover før ein rundar utover fjellet mot varden på Endestadnipa. Ved å gå på kanten har ein utsikt til Gjengnen, Maritind, Plogen, Keipen, Blånipa og Midbønipa i nord. I aust ser ein Blånipa på Ramsdalsheia. I sør Bleja, Håsteinen og Vassetvatnet. Vestover ser ein øyane utanfor Florø.
Turtips 1: Frå varden på toppen kan du gå litt vestover til eit utsiktspunkt ned mot Eikefjord, Løkkebø og Eimhjellevatnet. Det er også ei flott utsikt til fjelltoppar som Børa, Gjegnen og Blegja. Følg sporet på kartet og ut til "Fram på nipa" som var møteplass til ungdom i tidlegare tide - på 1920 talet. Der har dei bygd bord, benkar og levegg av stein. Det vert fortalt at dette var ein plass kjæraster møttes, utan vaksne tilstades, mest sannsynleg søndagar. Tenk å fri der oppe og få JA!
Turtips 2: Turen til Endestadnipa kan du også starte frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli. Du går traktorvegen oppover. I krysset ca. 800 m oppe i dalen tek du til høgre og går denne traktorvegen til endes. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå og godt merka med oransjemåla pålar. Etter ca. 100 m er det stidele, ta til venstre og følg stien nordover. Du kjem snart til nytt stidele der du skal rett fram mot Langedalstøylen. Det er slakt og fint terreng å gå i også siste stykket opp til støylen. Videre opp til Torsvatnet og oppover mot Endestadnipa. Stien er merka heile vegen.
Sporet på kartet er gått 7. juni 2022 og går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.
God tur!