Grytadalen til Terdalskeipen 744 moh

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,5 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 524 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar frå andre parkeringsplass nedanfor Magnhildskadtunnelen 400 moh. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Her går du til høgre og føl stien vidare vestover og oppover til terrenget flatar ut. Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå Hav til Bre.

For å gå til Terdalskeipen må du fortsette rett fram med Langevatnet på høgre side og Rundevatnet på venstre side. Det er ein motbakke opp til Akslaskaret. I Akslskaret tar du av ruta frå Hav til Bre og går til venstre mot Terdalskeipen i sør. Her er det skilt som viser retning. Gå oppover småvarda rute og føl fjellryggen utover til den store varden heilt til endes av Terdalskeipen.

På første toppen, som er Aksla og ved den første store varden, ligg utkiksposten frå krigen. Gå nokre meter lengre fram før du tar ned. Krev litt klatring. Det står eit pilskilt som viser vegen videre utover der du går ned til utkiksposten. 

Turmålet kan også nyttast som ski- og trugetur, men då startar ein turen ved den øvre parkeringsplassen og går over brua ved Langevatnet.

Nokre av turmåla er eksponert for iskast frå vindturbinar i Guleslettene vindkraftverk. Planlegg turen og sjekk oppdatert iskastvarsel her

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

Sporet på kartet er gått 31 05 23

God tur!

Adkomst med egen bil

Kjør opp Grytadalen mot Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side.

Annonse