Turen startar ved å gå inn på gardsvegen på sørsida av Budalselva som renn ut i Sunndalsvatnet mellom gardane i Sunndalen.
Etter nokre hundre meter passerer ein ei ferist. Om lag 100 m etter ferista er der plass til å parkere bilar på venstre side av vegen, og på same staden går der ein skogsveg til høgre.
Det står pilskilt til Sunndalsstøylen. Det er godt merka oppover og sett opp skilt med lokale navn. Undervegs kryssar stien to små bekkefar som er greie å gå over. Like før ein er oppe, må ein passere Skitnekleiva, eit hamrelag der stien kan vere noko sleip og glatt i vått vêr.
Oppe ved Sunndalsstøylen, der to av dei fire stølshusa framleis står, opnar terrenget seg ut i tre himmelretningar. Frå støylen vil ein sjå merka til den gamle ferdslevegen i området. Den fører mot Blåfjellsenden og austover til Solheim i Hyen eller vestover til Midtbøstøylen. Undervegs mot Midtbøstøylen kan ein også ta av mot Løkkebø og mot Midtbønipa.
Sporet på kartet er gått 30 05 21
God tur!
Kjør fylkesveg 544 til Sunndalen i Norddalsfjord 16 km frå Norddalsfjordkrysset.