Spjeldsfjellet, rundtur frå Spjeld

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,8 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 182 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

 Frå Spjeldsfjellet er det storslegen utsikt i alle retningar. Her kan du blant anna sjå austover mot fjella i Sandviken, Ulriken og Gullfjellet. Vender du blikket mot nord, ser du Eldsfjellet i Meland kommune.

Spjeldsfjellet, 165 m.o.h., høyrer under garden Spjeld. Her var det før ein varde som vart kalla Hjeltavarden av folk på Ågotnes. Denne var tidlegare ein del av det gamle militære varslingssystemet langs kysten. Frå Spjeldsfjellet har du god utsikt mot Hjeltefjorden og Coast Center Base i Tranevågen på Ågotnes. CCB er forsyningsbase for oljeindustrien i Nordsjøen, og vart etablert i 1973. Basen er eit markant landemerke som blei etablert i startfasen av det norske oljeeventyret, og dermed representerer eit stykke industrihistorie som har vore med på uforme det norske velferdssamfunnet av i dag.

Det er fleire stier som fører til toppen. Du kan gå frå Fjæreide, Spjeld, Kårtveit eller Ågotnes. Ved Ågotneshallen er det best parkering. Det er varierande terreng avhengig av kva rute du går. Om du parkerer ved Ågotneshallen følger du vegen sørover mot Kårtveit omlag ein kilometer og går inn på Nordsjøløypa. Parkerer du ved Spjeld kan du få en rundtur. Denne ruten går delvis på veg og gjennom byggefelt. Ruten som er teikna inn på dette turforslaget tek utgangspunkt i traséen frå Spjeld. 

Adkomst med egen bil

Kjør RV555 til Kolltveit og ta av nordover til Ågotnes. Etter tunnelen og broen over Spjeldsundet kjører du til høyre og parkerer der.
Annonse

on the path