Topptur til Håsteinen / Inste Håsteinen 964 moh, den høgste toppen på Håsteinen-platået som består av tre toppar med Håsteinsvatnet i midten.
Ta av frå FV 611 i Store Høydal der er skilta til Håsteinen - parkeringsplass. Der er parkeringsavgift.
Skilt viser kvar du skal gå, følg skilta og gå over brua som kryssar Høydalselva. Då kjem du opp på skogsvegen. Følg denne vidare og gå gjennom grida der det står tomme malingspann på. Vidare oppe kjem til ei bru som går over Høydalselva og ovafor er tuftene etter Høydalsstølen. Følg stien rett fram og gå inn til Høydalsvatnet. Her kryssar du elva på bru og fortset stien innover. Ta til høgre når du møter skiltet mot Håsteinen. Breiskåra kan virke luftig, men det er god sti og godt å gå. Ikkje gå før snøfonna er borte i Breiskora. Ved toppen av Breiskåra vel du å fylgje sti opp til Høydalsnipa. For å få ein fin rundtur kan du gå frå Høydalsnipa til nordsida av Håsteinsvatnet og rundt fjellmassivet. Gå opp på nordsida av Yste Håsteinen (rett etter at ein har passert eit bratt fjellparti) og fylgje ryggen sørover til Inste Håsteinen. Her får du fin utsikt nedover mot Osen og osen bru. Kartreferanse der ein startar oppstigning (Håsteinen si nordside) er 086/278. Ved bruk av GPS (WGS84). Eit anna alternativ er å gå ned mot Håsteinsvatnet og vidare på høgre sida og opp til Inste Håsteinen. Du følgjer same ruta ned att til Håsteinsvatnet og går til venstre ned Villbøen ein bratt grasbakke. Du går så vestover og følgjer ryggen mot Høydalsvatnet. Her er delvis sti. På enden av ryggen tek du ned til høgre i elvefaret, du må kanskje klyve litt.
Det er fleire bekker som vanligvis ikkje er problem å krysse
Du går ned mot Høydalsvatnet og vestover til du møter skiltet mot Håsteinen og fylgjer då same veg attende til Store Høydal som du gjekk opp. Det kan vere litt vanskeleg å finne stien ved Høydalsvatnet. Ikkje gå heilt ned til vatnet før du går vestover. Etter å ha passert vatnet finn du lett stien. Stien skal vere i skogkanten og ein kjem til Håsteinskiltet.
Lengde Storehøydalen - Yste Håsteinen 7 km. Storehøydalen - Høydalsnipa er 5,2 km. Rundturen på nordstida av Håsteinsvatnet er 15 km - 7 timer Høgde Høydalsnipa - 933 moh. Iste Håsteinen 965 moh Rundturen totalstigning på 1 200 m Rød tur Håsteinen/Høydalsnipa
Svart tur rundturen