Vevlingen er den austlegaste av Batalden øyane. Terrenget på Vevlingen er småkupert med myr, utmark og litt skog.
Turen startar frå Vevlingen kai der rutebåten set deg i land. Følg grusvegen rett fram omlag 0,5 km. Her tar du av frå grusvegen til venstre og går turstien nordover til Storehågen som er det høgaste punktet 37 moh. Her er det rasteplass med leveggar, benk og turbokkasse. Det er delvis merka og tydeleg sti.
Følg stien vidare nordover, over eit myrområde og opp på ein liten bergrygg mot Klovvågen, lengst nord på øya. Herifrå ser du over sundet til Hellersøya, der har Florø Båtforening ei uthamn. Hellersøya er ikkje landfast med Vevlingen.
Fortset til Russøya ved å følge stien attende på bergryggen og drei vestover ned gjennom ein granskog og gå over bru til Russøya. Gå nordover til endes og nyt utsikta mot storhavet, Batalden og Hovden.
Turen attende frå Russøya til grusvegen kan du gå ved å følge stien som går sørover langsmed berga i Vågane og etterkvart passerer du ovanfor Vevlingsvatnet. Du kjem innatt på stien du starta å gå til Storehågen og grusvegen til bake til kaia.
Hugs å lukke grindane, det er sau på beite.
Sporet på kartet er gått 18.mai 2022 som ein rundtur.
God tur!
Rutebåt til Vevlingen kai er stjernestopp og må tingast før avgang