Frå Hatlesetnipa 583 moh har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og vestover mot Florø.
Turen startar frå Hatleset parkeringsplass ved Rv 5. Det er skilt som viser til Hatlesetnipa.
Stien er godt merka. På veg oppover passerer du mange utsiktspunkt og lokale namn som Gildrekvia, Einane, Hesa, Stølsgarden og Plommerapa. Rett under skiltet Stølsgarden tek du til venstre og går vestover og fylgjer ryggen opp og utover til Hatlesetnipa.
God tur!