Fottur Osa til Osestøylen og Vassetestøylen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,0 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 325 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Gå innom to støylar på samme tur frå Osa.

Køyr frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Rv 541, køyr sør- austover i 3,0 km og ta av til venstre ved vegnamnskilt Osa. Fortset vidare ca 300 m på gardsveg, og 500 m på skogsveg til parkeringsplassen før brua over Gygrefossen.

Gå på skogsvegen til venstre etter brua, ca 1,6 km, resten er umerka sti i glissen fureskog. Det er ein del sleipe og glatte berg oppover. På Osestøylen, 327 moh er det tre stølshus og eit uthus.

På stien er det enkelte våte partier - der er mulig å gå rundt.

Utsikta er i førstninga mot gardane på Osa og Vasset, seinare mot Eikefjorden, så Storebru og Endestadvatnet.

Turen vidare til Vassetestøylen, 314 moh. Første del er over gamal stølsvoll, over Sagelva og langsmed elva til ein møter tydeleg sti, gjennom sankegarden og opp på berget. Eller du kan gå litt tilbake og over berga - litt tørrare enn over myrane - det er der sporet går. Her er det eit stølshus og eit uthus.

I gamle dagar når dei skulle til Vassetestøylen så rodde dei over Vassetevatnet og gjekk opp.

God tur!

Adkomst med egen bil

Frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Fv 541
Annonse

on the path