Fottur Rasteplassen Eikefjord. Nipevatnet, Skreene, Flatenipa, Kvitefjell / Litlenipa , Strandanipa, Middagsnipa ned til Tonheim.

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,4 km
  • 8 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 866 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Dette er ein fin kveldstur i juni for å få med seg solnedgangen frå ei av dei fire nipene.

Frå Rasteplassen i Eikefjord ved Rv5 krysser du hovedvegen, føl stien og vidare på traktorvegen til Hovlandsstølane.

Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen oppover eit stykke til. Fortset vidare på stien med raudmåla pålar som viser veg vidare. Kryss elva på brua og gå oppover Brekka. Du kjem til elva ved Rindane. Følg denne ryggen vestover til du er rett innanfor ein liten foss. Er fossen stor, følg ryggen litt vidare vestover og kryss over to små bekker. Stien følgjer stort sett elva oppover til Nipevatnet.

Frå Nipevatnet gå nordover og fram til Skreene på vestsida av vatnet. Frå Skreene har du fin oversikt over Norddalsfjorden i nord.

Vidare frå Skreene er det delvis merka/umerka sti utover til Flatenipa og vidare til Strandanipa. Du går vestover og opp på ryggen mot Norddalsfjord. Følg denne vestover og opp mot høgdedraget. Deretter er det berre å gå mot toppen. Siste stykket oppover må du klatre opp til Flatenipa og det er best å gå på sørsida. Vidare over til Kvitefjell (Litlenipa), deretter går turen ned mot Strandanipa i sørvest.

Frå Strandanipa går turen nedover før ein går opp til Middagsnipa og ned til Tonheimslia ved Rv 5.

Sporet på kartet er gått juni 2018. Turen krev litt logistikk iforhold til tansport ettersom den startar ein plass og kjem ned ein annan.

God tur!

Adkomst med egen bil

Start frå Rasteplassen i Eikefjord ved RV 5

Annonse

on the path