Turen startar ved bilvegen på Fv 544 innover Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjorden ( der fjorden endar) er det på venstre side av bilvegen skilta til Svanevatnet/Storevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til Svanevatnet 94 moh.
Til Storevatnet 107 moh går ein på austsida av Svanevatnet, over kleiva og ned til Storevatnet. Oppe på høgda før ein går ned til Storevatnet er det god utsikt nordover til Fessene, Grønskredfossen og Hestedalsfossane.
Innover langs Storevatnet fin ein mykje gammal og spennende skog. Du finn mange rare skapningar. Det er også fin strand ved vatnet.
Alternativ Turstart: Ein kan også gå til Svanevatnet / Storevatnet på skogsveg frå Myrane, på venstre side av vegen 1 km før skulen. Følg denne så langt den går. Vidare er det sti over Reset til Svanevatnet. Gå så på austsida av vatnet dersom du vil gå til Storevatnet.
Turtips: Ønsker ein å gå vestover til Gjelefjellet må ein krysse elva ved Svanevatnet og gå utover/vestover på fine berg og heiar.
Svanevatnet er eit spanande turmål og nokre huskar kanskje vinteren / våren 1979 og all merksemda omkring meteoritten, himmelsteinen eller kva det var som lagde stort hol i isen. ( Firdaposten 24. april 1979)
Sporet på kartet er gått 4.mai 2020
God tur!