Dette er ein av dei gamle ferdslevegane frå Norddalsfjord til Eikefjord. Ved å følgje denne kan ein kome frå Midtbø i Norddalsfjord til Tonheim i Eikefjord.
Informasjon er henta frå Jostein Midtbø si bok: "Ferdselsvegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord" (2010 Norddalsfjord Grendelag).
Køyr til Norddalsfjord og etter 10 km ta av over brua i vestenden av Midtbøvatnet. Køyr til vegs endes, til Kordølene og parker der.
Pilskilt viser stien til Fiskevatnet som er merka med raude trekantar og raude pålar. Følg den raude merkinga langs nordsida av Fiskevatnet. Stien kryssar dei to utlaupselvane frå Fiskevatnet tett ved vatnet. Følg den raude merkinga til du kjem til ein bratt kant (Holtestellet) og gå opp på Kvilet.
NB! Dersom det er stor vassføring slik at det er vanskeleg å kome over utlaupselvane ut av Fiskevatnet kan du svinge nordover vest for Ospehaugen og krysse elva på ei trebru over utlaupet av Tjørna ved Fossen. Trebrua er omlag 120 cm brei og 12 meter lang med rekkverk på begge side. Herifrå føl du den raudmerka stien sørvestover og opp Hestekleiva til stidelet med skilta Solheim/Midtbø og du er tilbake på stien opp frå Fiskevatnet. Skiltet Solheim fører ned til trebrua over Tjørna og skiltet Midtbø fører ned til Fiskevatnet om du går frå Tonheim til Midtbø.
Nokre få meter vest om Kvilet er det pilskilt til Hogalia. Stien til Hogalia, og over Skreene til Hovlandsstølane på Eikefjordsida er merka.
Turen til Tonheim held fram rett vestover frå Kvilet. Ved Utlivatnet svingar stien sørover og til Solheimsstøylen i austre enden av Stølsvatnet. Vidare går du langs sørsida av Stølsvatnet oppover til Nordalsstølen. Der det er stølshus som vert mykje brukt. Siste støylen på ruta til Tonheim er Ytre Strandastølen. Herifrå går ein den trekantmerka stien ned til Tonheim og Tonheimsstranda i Eikefjord ved Rv5.
Turen er gått spor på kart 21.05.2024. Turen kan også gåast motsatt veg - frå Eikefjord til Norddalsfjord.
God tur!