Turen startar i Litle Eikevik ved Endestadvatnet. Starten av stien er godt merka på vegen mot Lykkjebøen / Løkkebø med skilt til Øyrastøyl / Blåvatnet og Nipevatnet. Stien går i lett terreng jamt oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem du inn på stien frå Eikevika. Stien frå Eikevika er stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider. Du må krysse to små elvar på tur opp til støylen. Rett før Øyrastøylen er det ei ny elv som kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring, gå gjerne litt oppover langs elva til det står ein enkel merkepåle der er det lettere å vade. På Øyrastøylen står det eit sel. Stien går forbi støylshusa og opp berga ovanfor støylen med ein foss på høgre hand. Det er bratt, men snur du deg og nyt utsikta inn i mellom får du mange fine opplevingar.
Vel oppe ved Blåvatnet er det fint å ta ei pause på berga. I nord ser du fossen ned frå Djupedalen.
Turen vidare vestover til Nipevatnet går opp bakkar med flater og små vatn imellom. Her er Grunnevatnet og stigninga i enden er den siste harde kneika før du er på toppen på Okseryggen. Derfrå går det slakt nedover igjen før du er framme ved Nipevatnet.
Turtips: Du kan anten gå retur samme veg frå Nipevatnet eller gå vidare til Blånipa og Djupedalsnipa, ned til Eikefjord eller Norddalsfjord, vestover til Flatenipa og vidare til Strandanipa eller ta støylane Hovlandstøylen, Eikefjordstøylane og Knappstøylane før du går ned til Hestvika.
God tur!