Fottur Sagevik, Jagedal, Grønevik, Kletten til Kvalsvik / Kalsvik

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,5 km
  • 4 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 325 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Dette er ein tur for deg som liker utfordringen å fine fram etter gamle tråkk.

Du kan parkere ved oppdrettsanlegget eller køyre opp bakken før oppdretsanlegget til venstre der det er parkeringsplass. Gå tilbake til Sagevik, ca 200m. Du tek av frå vegen ved det kvite huset, opp skogsvegen og forbi to hytter.

Frå Sagevik går du nordvestover langs søkket, hald litt avstand til vatnet, til ytre enden av Jagedalsvatnet til Sandvikbotn. Her kan du gå til Sandvika og du vil då sjå mykje gamal barlind. Nordvest for Jagedalsvatn ligger eit naturreservat som hovedsakelig skal verne om tresorten barlind – https://no.wikipedia.org/wiki/Sandvikbotn_naturreservat.

Du fortset turen rett nordaust over. Det er også mykje flott eikeskog i dette området. Det kan være litt vanskeleg å sjå tydelig sti, men hald litt opp frå vatnet. Du er snart framme i Jagedalen. Før du kjem til Jagedal ligg det nokre store rotvelt - gå i øvre kant, du kan skimte stien mellom dei. Her er det eit idyllisk nedlagt gardsbruk der det er fint å ta pause før turen går vidare til Ospedalen og Grønevik eller du går tilbake til Sagevik.

Det er tydleg sti rett nordover til Ospedalen. Gå litt oppover til du kjem opp på kanten, vidare over Ospedalsmyra og ned i Ospedalen der det er eit nedlagt gardsbruk. Her i frå går du vidare på gamal kjerreveg til Grønevik, ein idyllisk skogstur. Dette var i tidlegare tider den gamle skulevegn frå Grønevik til skulen i Barlindbotn. Om vinter då det var trygg is gjekk dei over Jagedalsvatnet og elles rodde dei over. Dei to bruka i Grønevik vart fråflytta i 1952 og 1987 og vert i dag brukt som fritidsbustad. Grønevik ligg vis a vis Hatleset på andre sida av fjorden og du kan sjå husa og sjøbua godt frå Rv 5 på Hatleset. Du kan no gå vidare opp frå Grønevik på delvis varda sti til Kvalsvik/Kalsvik.

Sporet på kartet er gått på fellestur 25 04 21. Det gjekk opp til ein ein utkikkspost frå Ospedalen. Turfølget fekk omvisning i Grønevik, gå utenom husa. På vestenden av Grønnevikvatnet kan du forsetja og følge tracen som går rett fram, det er stitråkket som går fra Grønevik til Kvalsvik dersom du ikkje vil gå via Kletten.

Når du kjem ned til Kvalsvik/Kalsvik er det ca 2,5 km å gå tilbake langs vegen.

God tur!

Adkomst med egen bil

Eikefjord på Fv 542 og vidare Fv 543 til Sagevik
Annonse

on the path