Turen startar frå parkeringsplassen ved skulen på Solheim.
Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen.
Skogsvegen følgjer du vidare. Ta vegen til høgre når den deler seg. Frå enden av skogsvegen tek du bratt opp lia mot nord nordaust. Stien er litt vanskeleg å sjå akkurat ved skogsvegenden, men når du finn den er den tydeleg opp den første kneika. Frå enden av skogsvegen er det merka med raude merker opp til Plassen. Etter å ha følgd eit lite myrdrag austover ca 100 m tek du igjen på skrå oppover lia til du kjem opp i nedkanten av ei stor myr. Aust for myra tek du igjen nordaustover opp bakken til du kjem opp på Plassen.
Plassen er eit sentralt punkt der ein kan gå vidare mot fleire turmål. Like nord for Plassen står det eit skilt som syner retninga vidare til Dalreset. Frå skiltet går du først nordvest og så nordaust og opp nokre skrå berg til du kjem opp på neste nivå som er flatt. Gå litt nordover eit stykke aust for tjørnet før du svingar vestover mot Dalreset.
Her er lett å gå og vegen seier seg sjølv. Frå toppen av Dalreset er det fint å gå eit stykke nordover langs kanten. Du er no rett ovanfor Fessene, som er namnet på fossane, som renn frå Fessevatnet og ned i Storevatnet. Dalreset er ein flott plass å sjå fossane frå.
Sporet på kartet er gått 15. mai 2022 - det går fram til utsiktspunktet der du ser ned på Fessene.
God tur!