Fottur Norddalsfjord Solheim skule til Blåfjell 764 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 12,5 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 762 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen startar på parkeringsplassen ved skulen på Solheim.

Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen.

Skogsvegen følgjer du vidare. På slutten av skogsvegen tek du bratt opp lia mot nordaust og skrår lia austover i furuskogsterreng til du kjem opp på ei flate. Då er du oppe på Plassen.

Plassen er eit sentralt punkt der ein kan gå vidare mot fleire turmål. Då ser du Blåfjell rett over i nord. Gå vidare mot aust og skrå oppover lia. Her vert bjørkeskogen og vegetasjonen skrinnare. I tregrensa må du forbi eit trongt parti der du følgjer ei smal hylle, som er om lag 10 m lang. Det er godt fotfest. I staden for å gå opp på den smale hylla kan du følge hylla under som er breiare og grei å gå.

Du går vidare opp Oksedalen og litt nordvestover i grasbakken før du svingar rett vest. Vidare opp dei berre sandsteinberga til toppen av Blåfjell 764 moh. Der kan du nyte utsikta.

Sporet på kartet er gått 17.08.2020 og er ei rettesnor.

God Tur!

Adkomst med egen bil

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg Fv 544
Annonse

on the path