Fottur Steindalen til Dyrdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 12,0 km
  • 4 t, 30 min
  • Rundtur
  • 417 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Oppe i skaret i Dyrdalen får du god utsikt mot Eikefjord og ut mot skjærgarden i Florø.

Køyr til Steindalen og gå over brua og følg skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. 100 m etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre. Gå vidare på vegen ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Fortset ca. 100 meter, ta av til venstre opp i terrenget og følg ein merka sti - pålar med raud måling på skrå opp lia til Steindalsstøylen.

Det er nokre elvar som krysser skogsvegen innover, men dei er greie å komme over.

Frå støylen går du vidare nordover til Rimmavatnet og kryssar elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første av dei tre Dyrdalsvatna og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu til du er oppe i skaret.

Dette er ein del av ferdselsvegen over til Osa. Du kan gå ned via Vassetestøylen og Osastøylen frå Dyrdalen.

Sporet på kartet er gått 07 06 23 som ein rundtur.

God tur!


Adkomst med egen bil

Eikefjord sentrum køyrer du sørover på Fv 542 ca.1,5 km og tek av mot Steindal på Fv 541
Annonse

on the path