Følg skogsvegen i vestenden av Haukåvatnet oppover mot Haukåstølen. Rett før stølen er det ein sti oppover i terrenget som går til Haukånipa. Føl denne og du går gjennom skog oppover på rimeleg god sti. Vel oppe i skaret kryssar du over bekken og gå stien rett fram. Ved mykje nedbør kan bekken vere utfordrane å komme over. Følg stien vidare oppover til høgda og du ser Tjørnesvatnet til høgre for deg og Gulskarlivatenet rett fram.
Kryss ned mot Tjørnesvatnet og følge dette nordover og innover dalen til vestsida av Gulskarlivatnet på delvis sti og hjortetrakk. Omlag halvegs kjem du til "badekulpen" eller kupa. Her renn elva frå Blålidalen ut i Gulskarlivatnet. Fin plass for ein rast.
Retur frå Gulskarlivatnet kan du velge å følge stien litt opp fra Tjørnesvatnet og gå fram på høgda sør for Tjørnesvatnet. Her får du få fin utsikt sørvest mot havet og øyane.
Videre går du sørover før du svinger av og går Rimma ned til skogsvegen att og føl denne nedover tilbake til bilen.
Sporet på kartet er gått 20 10 22 og det gir deg ei rettesnor. Mykje av turen går på hjortestiar.
God tur!