Krossfuru

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 1,9 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 278 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Kort tur frå Ålvik. Parker ved skulen i Ålvik og gå opp Haugenjordet. I enden av vegen skal du opp på venstre side av eit raudt hus. Herfrå er det T-merka rute til Krossfuru. (Den T-merka stien fortset til Bordalen/Voss.)

Vegen byr på nokre svært bratte sva som ikkje er lette å gå i vått ver, sjølv om det er gjort ein del tilrettelegging dei siste åra med tau å halde seg i. Me anbefalar ikkje å gå til Krossfuru i vått ver.

Frå Krossfuru har du flott utsikt over Ålvik sentrum og utover fjorden. Går du litt vidare langs t-merkinga får du endå betre utsikt.

Du kan og forlenge turen innover Roaldsdalen på tydeleg sti. Smal dal med bratte fjellsider og ei stort sett stille og idyllisk elv i botn.

Krossfuru er ein del av Ålviktrimmen.

Turen er på vel 1km og 350 høgdemeter kvar veg.

Adkomst med egen bil

RV7 til Ålvik. Ta av av mot skulen. Greit med parkeringsplassar rundt skulen.
Annonse

on the path