Kolltveitmarka rundt Storavatnet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,9 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 361 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

I Kolltveitmarka er det eit stort nettverk av stiar. Dette turforslaget tek utgangspunt i stien rundt Storavatnet. OBS: delar av denne turen vil forsvinne når arbeidet med det nye Sotrasambandet startar i 2022. Her går du mellom anna over den særeigne Bekkebrua. Denne vart restaurert vinteren 2021 då isen var så tjukk at dei store hellene kunne fraktast over isen. Delar av denne turen vil forsvinne når det nye Sotrasambandet kjem. 

Vidare på turen vil du få høve til å sjå på fleire stemmer, berre du tek små avstikkarar frå løypa rundt Storavatnet Det er fleire infotavler undervegs. Turen startar på asfalt, gjennom byggefelt. Gå inn til Kolltveitskaret. Ved nr 20A går du inn vegen til venstre. Gå til enden og fortsett på stien du ser rett fram. Gå gjennom undergangen under bilvegen. Her kjem du inn i beiteområde. Vis omsyn når du går her. Lamming i april-mai. Hugs bandtvang og lukk alle grinder. Fortsett rett fram over beiteområdet og følg stien vidare. Eit lite stykke etter turkassa ved Bekkebrua er det stiskille. Gå til høgre. Følg stien vidare rundt vatnet. Vis omsyn når du passerer golfbana. Siste kilometeren tilbake til parkeringen er på asfalt.

På 1800-talet vart det bygd tre store forretningsmøller i Fjell. Desse stod på Kolltveit, i Knarrvika og i Skålvika. I følgje Fjell bygdebok finn ein det første sporet etter mølledrift i 1852. Dette året vart det gjeve løyve til å oppføra ein del stemmer vest i utmarka til Kolltveit, slik at vasskrafta til mølledrifta vart sikra. Den første mølla ved Kolltveit kai var i drift frå 1853. Mølledrifta på Kolltveit haldt fram til 1912, etter å ha gått gjennom eigarskifte og moderniseringar. Mølla vart seld og nytta vidare som hermetikkfabrikk. I dag er Kolltveit Industrihus, med ulike næringsaktørar, etablert i fabrikkbygget. Rørgata vitnar om mølledrifta i tidlegare tider.

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.

Viktig å vite når du går på tur:

Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.

Adkomst med egen bil

Frå Bergen følg FV555 til Sotra. Ta av retning Bildøybakken rett før Kolltveittunellen. Eit stykke oppe i bakken tek ein av retning Kolltveit. Etter ei lita stund er det parkering på venstre side av vegen. På kveldstid og helg kan ein parkere her. I kontortida kan ein ikkje parkere her, så då er alternativet på toppen av Bildøybakken. 

Adkomst med kollektivtransport

Annonse

on the path