Fottur Stavang til Skålefjell og Hornfjellet. Rundtur

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,7 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 709 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Frå toppen av Skålefjell 765 moh kan du nyte utsikta mot Førdefjorden, øyane i vest og Høydalsfjorden.

Rundturen tek til på "Velteplassen", ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord.

Kjem du med båt tek det 10 minutt å gå frå kaia til "Velteplassen".

Vil du til gapahuken på Liaflata følg stien mot Skålefjell eit stykke, til du kjem til skilta som viser til Åsen og Skålefjell. Der tar du av til høgre og føl traktorvegen. Det er ca 1,3 km opp

Frå "Velteplassen" er det delvis skilta og merka til Skålefjell. Du startar å gå på skogsveg, og etter eit par hundre meter kryssar du ei lita elv på bru. Du går deretter over på sti med lett stigning. Stien er lett og fin å gå. Det vert etter kvart brattare og tyngre å gå. Framleis fin og tydeleg sti, men av og til litt kupert. Halvvegs kjem du over skoggrensa, og landskapet opnar seg. Du går på venstre sida av elva. Her er stien mindre tydeleg, men det er merka innimellom slik at vegen er grei å finne. Du går langs ryggen austover med jamn stigning. Det er fleire parallelle stiar her som går same veg og ender opp ved varden på Skålefjell 765 moh.

På veg oppover kjem du til eit stidele ved skiltet Bjørndalskvia. Her går du stien rett fram og oppover for å gå til Skålefjell. Stien til venstre er stien som kjem ned frå Hornfjellet og den kan sjølvsagt også gåast opp til Hornfjellet om du kun vil dit.

Ned att frå Skålefjell kan du gå via Hornfjellet 425 moh som ligg heilt vest/ytterst på fjellryggen. Etter omlag 1 km frå toppen tar stien av til høgre mot Hornfjellet. Følg den delvis merka stien på fjellryggen nord for vatna vestover i omlag 3 km og du får eit mektig utsyn heile vegen vestover.

Varden på Hornfjellet ligg på enden av fjellryggen og er ein avstikkar frå merka løype ned att ved Hornfjellsvatnet. Frå vestenden av Hornfjellvatnet føl du den merka stien nedover og etterkvart kjem du tilbake til stidelet ved Bjørndalskvia og her tar du ned att til "Velteplassen".

Sporet som ligg på kartet er gått som rundtur 05.03.2019. Det var snø mot toppen av Skålefjell og vi har fleire plasser gått utenom snøfonner.

God tur!

Adkomst med egen bil

Kjør på Fv 542 mot Stavang
Annonse

on the path