Fagernipa 685 moh - toppen med utsikt sørover til ytre delar av Førdefjorden, mot Svanøy, Askrova og ellers mange av dei kjende fjella i området.
Start ca.100 meter forbi Øyrabrua mellom Svardal og Steindalen. Parker der. Gå skogsvegen til høgre (ved bom). Følg vegen ca.1 km sørover til du kjem til snuplass/velteplass ved Åmotsstøylen, gå over Støylselva her og følg traktorvegen vestover.
Ser ein utover i dalen ser ein Berrskolten heilt bakerst til venstre, her har ein hovedretninga .
Kryss Daleelva som renn ned dalane fleire ganger og følg traktorvegen så langt som den går - Boliasholten. Gå vestover over myra og fortsett på ryggen midt i dalen nord for Korsskaret mot Berrskolten. Følg vidare høgdedraget litt til høgre ut mot Fagernipa. Retur same veg.
Sporet som ligg på kartet er frå fellestur vi hadde sommaren 2018, vi var på toppen 685 moh.
Tips: Turen tilbaken kan du gå nordover til Dyttingvatnet og austover til Nonsnipa og ned til skogsvegen i Håsteinsdalen, om du vil gå ein rundtur.
God tur!