Fottur Steindalen til Blåfjellet 796 moh. Rundtur

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 13,8 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 579 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Varden på Blåfjellet ligg i grensa mellom kommunane Flora og Naustdal søraust for Steindalen. Hit kan du gå frå fleire stadar, denne turen er ein rundtur frå Steindalen.Start ved brua innerst i Steindalen, gå over brua og følg traktor/skogsvegen austover på nordsida av elva. Ca. 100 meter etter grinda ved sankegarden fylgjer du vegen til høgre. Fortsett på traktorvegen til du kjem til Rimmaelva, gå over steinbrua og kryss sør om elva som kjem austfrå. Følg ryggen oppover på nordsida av Albotnen, fortsett austover bergryggen nord for Gavlehola og sving sørover der berga svingar og går rett opp på kanten av Hesten. Du vil no sjå varden, fortsett rett sørover til du er aust for varden, sving så vestover mot toppen. Du kjem inn på stien fra Kingla i Naustdal følg den til toppen.

Utsikt til Førdefjorden og vestover mot øygarden. Heilefjellet i sør.Retur til Steindalen: Frå varden går du mot nordvest ned frå Blåfjellet og ut i Helleheia, fortsett mot nordvest nedover i retning eit lite tjern nede i lia. Herifrå har du to val: Gå rett ned lia og utover nede i dalen, eller følg høgda utover lia og svinge ned i Steindalen når du er på høgde med gardane.

Sporet i kartet vart gått 19 07 20. Det er ei rettesnor kor ein skal gå. Det var ikkje like lett å sjå kor ein skulle gå, men det var flott når ein kom opp i høgda. Ned frå Blåfjell er det nokre bratte liar så om ein vil kan ein ta same veg tilbake.

God tur!

Adkomst med egen bil

Fv 541 og ta av til Steindalen. Parker ved Steindalsbrua.
Annonse

on the path