Sylfestnuten, Munketrimmen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 15,3 km
  • 7 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 1466 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Sylfestnuten ligg 1434 meter over havet. Sylfesten som turen vert kalla, er ein fantastisk tur til ein topp som har utsikt ikkje berre mot Sørfjorden og Folgefonna, men langt inn over Hardangervidda. Her har ein panoramautsikt til mellom anna Hårteigen, Hardangerjøkulen og Tressfonn.

Turen går opp lia på Lofthus enten frå Legena eller Eidnes/ Lofthus. Opplev munketreppene og det spektakulære fossefallet i Opoelva, samt utsikt mot Skrikjo. Turen går vidare via dne gamle stølen Solbjørg, med flotte steinbuer og ein god plass å raste. Vidare over elva Kjølo. Oppstiginga til Sylfesten har ingen spesiell sti, men terrenget er såpass lett at den kan bestigast stort sett frå fleire kanter. Planlegg turen slik at den kan bli ein rundtur. Om ein vil bruke litt ekstra tid, gå innom stølen Opesjo på veg heim. Følg deretter stien langs Opoelva tilbake til Rjukan, og vidare ned lia.

Sylfestnuten er ein av turane i munketrimmen, og nok den lengste turen. Den er derimot også kanskje den vakraste, med den karakteristiske panoramautsikten inn over Hardangervidda. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).

Adkomst med egen bil

Turen startar på Lofthus, og går vidare opp lia. Den kan enten gå via Eidnes, eller Legena. Ta starten den eine vegen og returen den andre.

Adkomst med kollektivtransport

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.
Annonse

on the path