Frå toppen av Skålefjell 765 moh kan du nyte utsikta mot Førdefjorden, øyane i vest og Høydalsfjorden.
Turstart frå parkeringsplassen i Øvre Standal i Standalsmarka. Her finn du informasjonsskilt.
Gå over brua og følgjer stien mot aust. Du har då elva på høgre side eit lite stykke før du går over elva igjen og stien fortset gjennom eit lite granfelt. Terrenget opnar seg og du fortset opp ein liten grasbakke der stien vender mot høgre og deretter mot venstre. Vel oppe tek du av til venstre og følgjer stien til toppen av Jarskaret.
Frå Jarskaret går stien vestover ryggen av Skålefjell og opp til varden.
Frå varden kan du velge å gå same veg tilbake eller gå ned til Stavang eller ned til Litle Høydal. Turen ned til Stavang er omtala som eigen tur på UT.no. Går du ned i Litle Høydal, gå tilbake til Jarskaret og vidare ned til Tunastølen der du kjem ned på traktorveg.
God tur!
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass.