Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att.
Der i frå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke. Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du kan gå opp bakken, inn skaret og følgje ryggen innover til Stølsvatnet.
Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet.
Vidare til Dyttingvatnet tar du til sør/vest litt forbi inste enden av Svartevatnet og går opp mot toppen. Dyttingvatnet er eit middels stort vatn som er oppdemt i vestre enden. Den gamle steindemninga vart brukt til å få vatten til kverhuset i Vassbotnen. Då gjekk dei opp og opna og når dei var ferdig gjekk dei oppatt og stengte. Kvernhuset eksisterar ikkje lengre. Rundt vatnet er det flatt og fint og godt egna til å sette opp telt.
Frå vestre enden av Dyttingevatnet, gå vestover mot Kyrkjestein og ned att til Standalsstølen. Føl same sti ned til parkeringsplassen som ved turstart.
Kyrkjestein er kartnamn, sjølve steinen ligg lengre vest og du ser den frå stien. Det vert fortalt at i gamle dager når folk frå Høydal skulle til kyrkje i Vevring brukte steinen som pause og at dert var her dei skifta før dei gjekk vidare.
God tur!
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass og informasjonstavle Turstiar - Øvre Standal.