Fottur Rasteplassen Eikefjord til Blånipa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 13,7 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 958 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Blånipa 1021 moh opp frå Eikefjord

Frå parkeringsplassen krysser du vegen og føl stien til du kjem inn på traktorveg til Hovlandsstølane. Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen oppover eit stykke til, for så å gå inn på stien med raudmåla pålar som viser veg vidare. Kryss elva på brua og gå oppover Brekka. Du kjem til elva ved Rindane. Følg denne ryggen vestover til du er rett innanfor ein liten foss. Er den vanskeleg å komme over følg ryggen litt lenger vestover og kryss elva. Stien følger stort sett elva oppover til Nipevatnet.

Følg langs Nipevatnet til inste enden i aust, det er merka sti. Gå så opp den bratte grasbakken. Vel oppe den første kneika fortset du opp og ut ovanfor vatnet. Ute ved fjellenden rundar du denne og går opp første skaret. Her oppe går du austover nokre små hamrelag og kjem snart inn til ei lita ur. Denne skal du opp og no ser du varden på Blånipa. Stien går no stort sett rett mot varden som ligg på 1 021 meter.

God tur!

Adkomst med egen bil

Rasteplassen Eikefjord RV 5
Annonse

on the path