Topptur til Møsnuken om Linken

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 4,8 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 116 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Turen startar ved parkeringsplassen inne på Tøsdal. Følg grusa tursti om lag 300 meter, før du følgjer skiltinga opp til Linken (479 m.o.h.)

Frå parkeringsplassen og opp til Linken er det om lag 1,9 km og det er ei krevjande stigning til toppen. Frå Linken inn mot Møsnuken er det om lag 3 km. Terrenget innover er lett kupert, men kan enkelte stader vera noko blautt om det har vore nedbør.

På godvêrsdagar har du nydeleg utsikt heile vegen, og du får verkeleg kjensla av å vere på høgfjellet!
Frå Møsnuken (639 m.o.h.) kan du sjå Fitjar, Tysnes,Fusa, Tveitakvitingen, byfjella i Bergen og Austevold.

Dette er ein krevjande tur, så det er viktig å kle seg etter vêret og ha godt fottøy. Når du skal tilbake til Tøsdal kan du velje mellom å følgje same løypa heimover, eller gå ned på austsida og følgje skiltinga gjennom Stemmedalen og tilbake.

Adkomst med egen bil

Kjem du frå Os, tek du til høgre vis à vis Mekonomen bilverkstad like etter ei stor rundkøyring, og følgjer vegen innover til parkeringsplassen. Det er viktig at du parkerer på merka plass og ikkje på eller langs innmarka.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Os og Bergen, ta rute 603, 607 eller 600 og gå av ved Tøsdalsskiftet.
Annonse

on the path