Topptur til Møsnuken om Stemmedalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 4,5 km
  • 4 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 690 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Dei første 300 metrane går du på grusa sti frå parkeringsplassen på Tøsdal.
Ved første kryss kan du ta til venstre opp til Linken. Dette er ein ganske bratt og tung veg. Alternativt følgjer du stien oppover granfeltet. Det er òg bratt, men terrenget flatar fint ut etter ei stund. Innover Stemmedalen har Os Turlag lagt flott til rette for turgåarar, men dette er eit terreng som krev gode sko. Underlaget varierer mellom jord, stein, røter og vått underlag. Inst i Stemmedalen kjem du til eit kryss der det er skilta til eit flyvrak frå andre verdskrigen. Her går stien til venstre mot Møsnuken. Det er fantastisk utsikt i alle retningar frå Møsnuken og høgfjellskjensla er nærdliggande. Tilbake går du over fjellerryggen mot Linken. Terrenget er kupert og det er flott utsikt heile vegen tilbake.

Adkomst med egen bil

Frå Os tek du til høgre vis a vis Mekonomen bilverkstad og køyrer inn til parkeringsplassen på Tøsdal. Pass på at du ikkje parkerer på innmarka dersom parkeringsplassen er full. I helgene kan du parkere ved Meny og gå innover Tøsdalsvegen.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Os eller Bergen tek du buss rute 600, 603 eller 607 og går av ved Tøsdalsskiftet.
Annonse

on the path