Fottur til Såta 684 moh frå Berland

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,5 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 465 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Parkering oppom gårdane på Berland (350 m.o.h). Gå 100 meter nedover vegen du køyrte opp og gå inn på skogsveg på venstre side av vegen. Følg vegen oppover til utmarksbeite. vegen går etterkvart over til sti. Turen er tyngst i starten og siste stykket opp til toppen av Såta. Midtpartiet er lett og går på sti over myrområder. Dette stykket kan vere litt vått når det har vore mykje nedbør. Stia er merka med raude merker på trær og steinar oppover.

Frå toppen av Såta (684 m.o.h) har du god utsikt i alle himmelretningar, men særleg god er utsikta vestover mot Gjørnavatnet, Vengsvatnet, Ottanosa, Kjerringafjell, Skjelbreid og Eikelandsosen.

Turen passar god for både store og små, og er også fin å ta på ski/truger om vinteren. Frå Såta kan du gå vidare opp til Våkefjell (823 m.o.h).

Adkomst med egen bil

Frå Eikelandsosen: kjør RV48 mot Gjermundshavn. Ved Holdhus, ta av mot Hålandsdalen og Gjøn. Følg vegen til Eide. Ta ikkje av til Gjøn etter Eide, men følg vegen rett fram (via mange svingar). Ta av til Åse. Parkering etter Berland på venstre side av vegen. Her er plass til to bilar, men det er også mogeleg å parkere lengre opp mot Åse.
Annonse

on the path