Fottur til Klauva via Strandsstøylen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,9 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 641 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Klauva ein markant topp som du ser godt frå dei fleste stader rundt Jølstravatnet. Klauva på 847 moh. har stor utsikt vest til Vassenden og austover Jølstravatnet. Frå Strand går du opp via Strandsbotnen, og har god utsikt ned til bygda Ålhus på veg oppover stien. Klauva kan på 1200-talet ha fungert som vete for baronen Audun Hugleikson på Ålhus. Klauva kan ha vore del av kongens sitt varslingssystem.

Turen startar på skogsvegen som går opp rett aust for Strandselva. Du følgjer skogsvegen heilt opp til støylen. På kartet har ikkje denne støylen noko namn, men vert i Jølster kalla for Strandsstøylen. Frå støylen tek du inn på sti som går i austleg retning i lia opp mot Strandsheia. Frå her vert terrenget flatere mens du går på stien mot Klauva. Undervegs vil du passere den store Jakobssteinen der du får utsikt ned att til gardane. I Strandsbotnen er det noko vått og myrlendt terreng fram til du startar stigninga opp mot Klauva. Her vert terrenget tørrara når du skal ta deg gjennom eit parti med tett skog av fjellbjørk. Etterkvart kjem du over skoggrensa og går på ryggen i austleg retning mot toppen. Her får du utsikt innover Jølstravatnet i retning mot Sanddalen og Skei.

Tips
Det er bok som ligg i ein boks i postkassa på toppen av Klauva.

For å få med deg mest mogeleg av utsikta kan det vere fint å gå seg ei ekstra runde på toppen av Klauva. Klauva har ganske stort og lett kupert terreng som er fint å gå i. Det går og an å utvide turen med å gå på stiar av dyretråkk i Strandsbotnen.

Du kan lage dette som ein rundtur ved å gå opp på Klauva på sti frå Sanddalen og gå den ned att til Strand.

I ei av lenkene finn du ei masteroppgåve der fjellet Klauva er omtala som ein mogeleg vete for baronen Audun Hugleikson. Klauva vert omtalte spesielt på side 74-78. "Nettverket av veter med andre navn i Førdefjorden vil kunne nettopp dette, og veten på Klauva ligger rett på andre siden av Jølstravatnet fra Hugleikssons hjem på Hegranes hvor han etter alt å dømme bygget seg en borg (Ersland, 2000, s. 94). Det er derfor mulig at navnetradisjonen i Førdefjorden er et resultat av hvordan Audun Hugleiksson har oppfylt de forpliktelsene Magnus Lagabøtes militærreformer påla ham." (side 76, Elle melle, en undersøkelse av vetene i Vestland, Geirmund Tryti, 2022)

Fakta
Det er omlag 4,5 km kvar veg og 650 høgdemeter opp til Klauva. Tid: 2,5 -3 timar opp, og 5 timar t/r.

Frå turstart nede ved vatnet og opp til Strandsstøylen går du på skogsveg. Denne er omlag 2,5 km lang og du tek rundt 400 høgdemeter opp her. Tid: 1-1,5 time opp og 2-2,5 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Frå Vassenden tek du av Jølstravagen (E39) og køyrer over brua over Jølstra og inn på Nikolai Astrups veg. Hald fram på denne til Strand.

Du finn ei utkøyrsle på nedsida av vegen ned mot vatnet aust for garden på Indre Strand, men rett vest for Strandselva. Her er det lagt til rette med eit campingbord. Her kan du parkere.

Pga. trafikken med turistbussar til Astruptunet, og gardsdrift med dyrestell, er det ikkje høve til å parkere tett opp i vegbana eller ved gardstuna i området.

Annonse

on the path