Fin rundtur på Lote, med nydeleg utsikt
På denne turen kan ein velje ulike stiar, innteikninga er eit av fleire val.
Ein kan "stikke innom" Branden om ein går frå Bjørlo til Bjørlovatnet, og vidare til Loteskaret. Deretter kan ein ta ein flott avstikkar. Kan og kombinere turen med Trollenykjen.
Vanlegaste startpunkt er i Årskogen, der ein går på traktorveg i starten, og går over på sti. Nokre stadar er stien utydeleg, men der er no merka til Branden (med raudt).