Halvgjerda er ein lettgått topp som høver seg godt for alle vandrarar. Halvgjerda byr på stor utsikt sjølv om toppen er av dei lågaste i vestlege Jølster. Du ser både Jølstravatnet og Vassenden med alle byggefelta nedover langs E39. Mot vest ser du alle byfjella i Førde stikke opp med Kvamshestane godt markert heilt i vest.
Turen startar gjennom beiteområde på Slåttene. Du følgjer skogsveg til du kjem inn på noko bratt sti som tek deg opp stigninga til Slåttestøylen. Frå støylen går du på god sti i slak stigning til du kjem til sørlegaste ende av Slåtteskaret. Her svingar stien i vestleg retning og tek deg opp i eit tørrare, og meir lettgått og ope terreng. Det vert noko brattare stigning siste stykket når du tek deg opp på platået. Her går ruta vidare i nordleg retning i lett kupert fjellterreng heilt fram til varden.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Relativt lett terreng heile vegen. Dette er ein fjelltur som passar godt for barnefamiliar som vil prøve seg på ein fjelltur.
Toppen av Halvgjerda er eit stort og småkupert område, som kan vere verdt å utforske. Om du frå varden går i sørvestleg retning vil du finne ein annan varde som er plassert der du får flott utsikt over Mo. Frå denne kan du gå i austleg retning og ta deg inn att på stien der du kom opp på platået.
I sørlege del av Slåtteskaret kan du ta deg vidare i søraustleg retning på sti ned til Høgsetstølen i Holsen.
Fakta:
Frå parkeringa til Slåttestøylen er det 1,3 km. Tur/retur er 2,6 km.
Frå parkeringa til Halvgjerda er det 3,5 km. Tur/retur er 7 km.
Samla stigning omlag 700 høgdemeter.
Tid: 2,5-3 timar opp og 5 timar tur/retur.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
På Eikås tek du av Jølstravegen (E39) mot Slåttene. Rett etter du tek av E39 køyrer du over ei smal bru over elva Jølstra. Turstart er nokre hundre meter på grusveg mot austlegaste gardane på Slåttene. Parker der det er skilta parkering. Parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift, private tun og trafikk langs vegen.
Du kan ta buss som går gjennom Jølster og gå av på bussholdeplass ved E39 i nærleiken av Slåttene. Frå bussholdeplassen går du over brua og vidare på gardsveg fram til turstart på Slåttene.